Ny professor ved HVO
Han har mange internasjonale publiseringar og har skrive tre bøker og fleire artiklar i bøker. Vidare har han skrive nærare førti rapportar i skriftserien, og i tillegg kjem ei lang rekke notat, kronikkar m.m.
Professor Roar Amdam.
Ved sida av ein stor vitskapleg produksjon har han allsidig erfaring frå samfunnsplanlegging og frå pedagogisk, organisatorisk og administrativt arbeid. Han blei tilsett ved høgskulen i 1993 og arbeider ved Institutt for planlegging og administrasjon der han underviser på mastergradsmodulen i offentleg organisering og leiing.