Ny HVO-video
Animasjonsstudentane Hans Hansen og Kjetil Bjørneset har saman med informasjonsstudentane Eirik Bech, Simen Narjord og Birgitte Bøen laga ein video som på ein fin måte presenterer høgskulen sine studietilbod, studentlivet i Volda og ein storslått natur. Rettleiarar har vore førstelektor Jan Arne Halvorsen (informasjon), høgskulelektor Andres Mãnd (animasjon) og designer Thomas Lewe.
Samarbeid på tvers
Informasjonsstudentane har i hovudsak hatt ansvaret for å meisle ut eit manus i samarbeid med oppdragsgjevarane studiesjef Gonnie Smit Løseth og informasjonskonsulent Per Arne Brandal. Animasjonsstudentane har sjølvsagt hatt ansvaret for animasjon og video.
- Dette er vår første betalte jobb, og ei veldig fin erfaring å ha med seg vidare, seier animasjonsstudent Hans Hansen. Saman med Kjetil Bjørneset har han hatt svært lange arbeidsdagar for å få videoen ferdig til rett tid.
- Oppdraget har vore spennande og lærerikt. Spesielt gjevande har det vore å samarbeide på tvers av utdanningane, supplerer informasjonsstudent Eirik Bech.
Kjetil Bjørneset, Eirik Bech, Hans Hansen, Simen Narjord,
Birgitte Bøen.
Volda som studiestad
- Vi har lagt vekt på å få fram dei positive sidene ved Volda som studiestad. Volda kan ikkje by på det same som dei store byane, men studiestaden Volda har andre kvalitetar. Vi legg vekt på intimitet og nærleik, flott natur, godt studentmiljø og høg fagleg kvalitet, seier informasjonsstudent Birgitte Bøen.
Du kan sjå videoen her (stor fil):
http://www.hivolda.no/melding/HVO.wmv
Utdanningsmesser og yrkesorienteringar i vidaregåande skular
Høgskulen i Volda (HVO) skal presentere seg på seks ulike yrkesmesser i Sør-Noreg i løpet av januar og februar. I same perioden får elevar ved 15 vidaregåande skular i Møre og Romsdal og Nordfjord besøk av studentar og tilsette frå HVO.
I fjor var over 10000 ungdommar innom utdanningsmessa
i Bergen.
På dei store messene i Oslo, Trondheim og Bergen vil dei tre høgskulane i fylket stå saman på ein ny felles stand.
Skisse av ny felles stand for høgskulane
i fylket.