Ny elektronisk telefonkatalog
Roy Magne Mo og underteikna har i samarbeid med IT-kontoret starta på eit arbeid for å utvikle ein elektronisk katalog på web’en. Her vil dei tilsette vere «objekt» med ei rad ulike «eigenskapar» som tlf. nr., e-post, tittel, funksjon, organisasjonstilknyting m. m.
For dei som vil sjå på prototypen, sjå under adresser, telefonkatalog.
Arbeidet er snart ferdig, det står at litt arbeid på funksjonalitet og grensesnitt, og rutiner for oppdatering av informasjonen.
Vi vonar at katalogen kan rasjonalisere bort behovet for papirbasert informasjon (telefonliste, katalogar) og gjere det totale vedlikehaldsarbeidet lettare.
Kom gjerne med tilbakemeldingar.
- Brandal