n/a

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

6. og 7. januar vitja professor Preben Munthe høgskulen. Han er kanskje mest kjend som tidlegare riksmeklingsmann, men no kom han som leiar i styret for Institusjonen Fritt Ord. Dette er ei stifting som i dag er hovudaksjonær i Narvesenselskapet, og som har som føremål «å fremme ytringsfriheten og dermed bidra til å styrke en demokratisk samfunnsutvikling i Norge og berike vår kultur».

Munthe ville gjere seg kjend med det vi arbeider med, særleg innanfor mediefag og Ivar Aasen-prosjektet, og elles orientere om stiftinga. Styret for stiftinga er opptatt av å gjere verksemda til Fritt Ord kjend, og leitar etter nye støtteverdige føremål. Det blei eit svært hyggeleg og interessant møte både med personen og institusjonen, og vi blei direkte oppmoda om å kome med innspel om prosjekt som kunne fall innanfor arbeidsområde til Fritt Ord. Med dette går utfordringa til heile miljøet.

-rektor

Del på