Møte om forsking i nynorsk skriftkultur
Tid: torsdag 19. februar kl. 10.00
Stad: møterommet Strøm 329
Representantar for Ivar Aasen-instituttet vil her leggje fram dei forskingsprosjekta som er i gang ved institutttet og planar for nye prosjekt:
1. Ivar Aasen-instituttet og forskingsfeltet nynorsk skriftkultur
2. Odd Monsson: Kvantitetssystem og språktypoplogi
3. Sveinung Vaage/Reidun Høydal: Utdanning som nasjonsbygging
4. Svein Ivar Angell
Samtidig inviterer vi alle interesserte til å presentere aktuelle prosjekt for Ivar Aasen-instituttet, prosjekt som ein er i gang med, eller som ein har idear om å setje i gang, og som høver for fagfeltet nynorsk skriftkultur i vid forstand. På denne måten ønskjer vi å få innspel frå og kontakt med personar ved HVO som kunne tenkje seg periodisk å arbeide med forskings- og utviklingsprosjekt innafor fagfeltet nynorsk skriftkultur. Alle innspel er velkomne, også dei meir uforpliktande prosjektideane.
Vel møtt!
For Ivar Aasen-instituttet
Odd Monsson