Mot felles utdanningssystem i Europa
Møtet i Helsinki var ei oppfølging av Bolognakonferansen i 1999 der Noreg, saman med utdanningsministrar frå 30 land i Europa, underteikna ei erklæring om samarbeid innan høgare utdanning. Mjøsutvalet har mellom anna følgt opp arbeidet sidan.
Internasjonalisering-
-Kyrkje- utdannings og forskningsdepartementet ( KUD ) har i si langsiktige målsetjing at femti prosent av studentane skal ha minst eit studieår i utlandet. Noko av grunnen til at dette til no ikkje har vorte innfridd, skuldast mellom anna at studiesystema er så ulike, meiner rektor Gunnar Stave.
- På konferansen i Helsinki vart det sett fokus på den lågaste grada ved høgskule- og universitetsutdanninga. I Noreg oppnår ein denne grada, cand mag, etter 4 år med tilpassa høgare utdanning. Ved å kutte ut denne grada og i staden tilpasse oss studiesystema i andre land, vil studentane oppnå lågste grad etter 3 år, fortel Stave.
-Ei viktig forandring for oss i Noreg vil vere at dei første semestera i høgare utdanning, utanom profesjonsutdanningar som doktor, ingeniør og liknande, har likeverdig fagleg innhald innanfor dei same fagområda . Dermed vil det mellom anna verte enklare for studentane å skifte utdanningsinstitusjon undervegs.
-Målsetjinga med samarbeidet er å utvikle eit felles system som vil gjere det enklare for studentar å få tilpassa utdanningar over landegrensene, seier Stave. Eit todelt system i oppbygging av kompetanse ved universitet og høgskular, tilsvarande det amerikanske med bachelor og mastergrad, vil gje større mobilitet og anerkjenning for både studentar og utdanningsinstitusjonar.
Konsekvensar for HVO
-Det er sjølvsagt at vi ved HVO heile tida har det nye utdanningssystemet i mente når vi legg planar framover, seier Stave.Dersom dette systemet vert gjennomført vil mellom anna studentane på dei 3-årige profesjonsutdanningane, tildømes sosionom, få batchelorgrad.Den 4 år lange lærarutdanninga passar ikkje inn i utdanningssystemet, men det føreligg ei utgreiing om korleis denne utdanninga skal tilpassast ei mastergrad.Ein annan konsekvens for HVO er at det kanskje vert opna for fleire tilbod om mastergrad,avsluttar rektor Stave.