Mastergrad i samfunnsplanlegging
Denne mastergraden er ei to-årig yrkesretta vidareutdanning (40 vt) for dei som ønsker eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for utøving av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Studiet kan takast på heiltid eller deltid.
- Mastergraden i samfunnsplanlegging byggjer vidare på ei godkjend tre-årig høgskuleutdanning. Vårt nye tre-årige studium i kommunal planlegging og administrasjon er eit godt utgangspunkt for ei slik mastergrad. Også folk med andre utdanningar kombinert med praksis, som til dømes lærarar og sosionomar, kan søkje, seier instituttleiar Roar Amdam ved Institutt for kommunalfag.
Mastergrad er ei internasjonal nemning for utdanning på hovudfagsnivå. Mastergraden i samfunnsplanlegging i Volda er tenkt å bli meir praktisk og yrkesretta enn eit vanleg hovudfag
- Om departementet godkjenner prøveordninga vil ho vere på plass til hausten, og blir den første i sitt slag i Noreg, fortel instituttleiar Roar Amdam.
Andre nye studium i Volda
Til hausten kan Høgskulen i Volda tilby fire nye studium: årseining i mediekunnskap
(20 vt), informasjonsteknologi (20 vt), og eit to-årig studium i samfunnsplanlegging. Det fjerde nye fagtilbodet er eit tre-årig studium i kommunal planlegging og administrasjon.