Kriminelle elevar ved halvparten av skulane
Undersøkinga syner at om lag halvparten av dei norske grunnskulane (1. til 10. klasse) melder om kriminelle elevar. Tidlegare skilnader mellom by og land er utviska.
Undersøkinga er gjennomførd for Det kriminalitetsforebyggende råd som ein del av ei evaluering av den pedagogiske skulepakken "Lev vel".
Denne pakken er eit kriminalitetsførebyggjande skuleopplegg som vart innført i skulane hausten 1997.
85 prosent av skulane meiner dei har elevar som står i fåre for å bli innblanda i kriminell åtferd, står det å lese i undersøkinga som er publisert i arbeidsrapport nr. 48 frå HVO/MFV.
Små skilnader
Roland Nolet, som er prosjektleiar for evalueringa av det kriminalitetsførebyggjande arbeidet, trekkjer fram at det i dag ikkje er nokon vesentleg geografiske skilnad.
- For 20 år sidan var det skilnad mellom by og land. Vi finn at denne skilnaden er i ferd med å forsvinne, sier han.
Kriminelle
48 prosent av skulane har registrert kriminell åtferd blant elevane i løpet av det siste året.
Ronald Nolet meiner at tala syner at mange skular har eit stort behov for haldningsskapande og kriminalitetsførebyggjande arbeid.
- Tala er høge. Dei viser at kriminalitet blant elevane er utbreidd, seier han.
Skadeverk, tjuveri og vald
Det er særleg skadeverk og tjuveri som er mest vanleg. 14 prosent av skulane rapporterer om tilfelle av vald.
Mobbing
Alvorleg mobbing, som er registrert hos 12 prosent av skulane, er altså eit mindre problem enn valdsbruk. Mobbing vert elles av mange skular vurdert som det viktigaste innsatsområdet for førebyggjande arbeid.
38 prosent av dei 226 skulene svarte at dei ikkje hadde registret kriminell aktivitet blant elevane.
(basert på oppslag i Aftenposten 10.mars)
Arbeidsrapport nr. 48:
Ronald Nolet og Eldrid Digernes: Evaluering av skolepakken LEV VEL. En kartlegging av bruken av undervisningsmaterialet LEV VEL i grunnskolen i Norge 1997. Utg. HVO og MFV, 1998.