Kompetansereforma - eit satsingsområde?

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

INVITASJON TIL DAGSKONFERANSE:
Kompetansereforma (etter- og vidareutdanninsgreforma) har som overordna mål at den skal bidra til å dekke samfunnets, arbeidslivets og den enkeltes behov for auka kompetanse. Dette gjeld i utgangspunktet kompetanse på alle nivå; grunnskuleopplæring, vidaregåande opplæring, fagopplæring og etter- og vidareutdanning ved høgskule/universitet.


logo1

Kompetansereforma inneber at både private og offentlege tilbydarar av kurs, opplæring og etter- og vidareutdanning legg opp tilboda sine i samsvar med intensjonane i reforma. For å gjere tilbydarane betre kjende med refoma og gjere dei i stand til å førebu seg betre på kva forventingar brukarane har til kompetanseutvikling på dei ulike nivåa, inviterer vi no til dagskonferanse om denne omfattande, framtidsretta reforma.

Konferansen vert halden

TYSDAG 6. JUNI 2000 PÅ HØGSKULEN I VOLDA,
Berte Kanutte-huset, Store auditorium.

Konferansen er gratis, men deltakarane må dekkje kostnader til kaffi/lunsj kr 75,-

Påmeldingsfrist måndag 29. mai 2000 (sjå baksida).

Vi ynskjer vel møtt til ein framtidsretta konferanse i kompetansen sitt teikn !!!

Med helsing

Program tysdag 6. juni 2000

Kl. 09.00 - 09.10 Opning av konferansen
v/rektor Gunnar Stave, Høgskulen i Volda

Kl. 09.10 - 09.45 Informasjon om kompetansereforma, politiske intensjonar, status m.m.
v/medlem i Stortingets utdanningskomite, Petter Løvik (H)

Kl. 09.45 - 10.00 Kaffipause

Kl. 10.00 - 11.15 Brukarane har ordet: Kva kompetanse treng vi, som kompetansereforma kan gi oss?

Korte innlegg ved:
Torild Bugge, organisasjonssjef Ulstein verft AS
Reidar Andestad, personalsjef Global Fish ASA
Ståle Rasmussen, viseadm.dir. Ørsta Stålindustri AS
Unni Brenk Rønning, personalsjef Volda kommune
Hans Sundal, leiar LO Søre Sunnmøre
Sverre Devold, direktør NHO Møre og Romsdal
Anna Huse Sanness, rådgjevar Statens utdanningskontor

Kl. 11.15 - 13.00 Kommentarar til innlegga frå brukarane
v/Stortingsrepr. Petter Løvik

Spørsmål og diskusjon

Kl. 13.00 - 13.45 Lunsj

Kl. 13.45 - 15.00 "Kafédialog "- gruppearbeid der vi drøftar samordning av kompetansetilbodet på Søre Sunnmøre.

Kl. 15.00 - 15.30 Plenumspresentasjon av gruppearbeida

Kl. 15.30 - 16.00 Oppsummering - Vegen vidare


Konferanseleiar: Per Ernst Lundberg

Påmeldinga sender du innan 29. mai 2000 til:

Høgskulen i Volda
Kontoret for etter- og vidareutdanning
Boks 500
6101 Volda

faksnr. 70 07 50 51 eller e-post [email protected]



Spørsmål kan rettast til:

Kontaktgruppa for kompetanseutvikling på Søre Sunnmøre
v/Signe Valsø, Høgskulen i Volda,
tlf. 70 07 53 18, faks 70 07 50 51,
E-post [email protected]

Del på