Julefest med julemiddag og festprogram
GJESTEBOD 1. JULEDAG
Det er no to månader sidan årets TV-aksjon vart avvikla. "Hjerterom" -aksjonen hadde som føremål å samle inn pengar til tiltak for å bekjempe psykisk og sosial naud. Mottakarar for aksjonen var Rådet for psykisk helse og Kirkens Bymisjon. I tillegg til sjølve innsamlinga hadde årets TV-aksjon ei vidare målsetjing; ein ønskte å setje søkelys på det mellommenneskelege, og dermed starte ein nasjonal dugnad for eit varmare samfunn, for som Bjørn Eidsvåg syng : "Ingen er berre det du ser."
Lokalt i kommunane vart vi oppmoda om å by inn til gjestebod.
Den lokale aksjonskomiteen valde å ta lokalsamfunnet med på råd før sjølve hjerteromsaksjonen, og baud inn til idedugnad med spørsmålet: Korleis gjere Volda til eit varmare samfunn ?. Det er denne idedugnaden som er utgangspunktet for det gjestebodet, som i tillegg til fleire andre gjestebod tidlegare i haust, står på programmet 1. juledag.
For jula treng ikkje vere berre varm, lun og inkluderande. Julehelga er nok diverre den helga i året då kontrastane i den norske velstanden sterkast kjem til uttrykk, og då tenkjer vi ikkje først og fremst på den materielle.
Første juledag kl. 14.00 er det duka for stor fest i kafeen på Volda Omsorgssenter. Bak tilskipinga står ei rekke lokale krefter, som på dugnads vis har gått saman for å innby til julefest. Festnemnda inviterer de:
- som ikkje har familemedlemer eller anna nettverk kring dykk, som det kjennest naturleg å ha samver med i jula
- som ikkje har høve til å reise heim til jul, anten det er her til lands eller andre stader i verda
- eller som av andre årsaker har glede av eit litt annleis fellesskap på den mest familiefokuserte dagen i året.
Med hjelp av kommunen, det lokale næringslivet og andre har festnemnda den glede å kunne by på tradisjonell julemiddag, kaffe og kaker, festprogram og gang kring treet i varme og julepynta omgjevnader på Volda Omsorgssenter. Både kafeen og dagsenterlokala vert opne for gjestene.
Festen er gratis. Om nokon likevel skulle ynskje å gje eit bidrag, vert det opna for det.
Melde seg på gjer ein lettast ved å ringe Frivilligsentralen sin mobiltelefon. Der tek vi imot påmelding heilt fram til 20. desember. Er det trong for skyss, ordnar vi det.
Festnemnda: Volda kommune, Volda Kyrkje, Studentsamskipnaden og Frivilligsentralen ser med spaning fram til 1. juledagsfest og ynskjer hjarteleg vel møtt !
For festnemnda
Gunnar Strøm
Astrid Gjersdal
Påmeldingsfrist: 20 desember til Frivilligsentralen tlf. 913 67 484