Internasjonal kontakt
Det var journalistutdanninga ved Høgskolen i Oslo som hadde formidla kontakt og rådd gruppa til å besøke HVO for å sjå på utdanninga i radio- og fjernsynsjournalistikk.
Avdeling for mediefag har samarbeid med Mangalore University i India. I september var ei gruppe på seks studentar og to lærarar frå Mangalore på besøk ved HVO i fire veker. Det var lagt opp eit omfattande program, som ga innblikk i ulike sider ved det norske samfunnet generelt og medieverda spesielt. I desse dagar er ei gruppe frå AMF, med seks studentar og Eivind Rønnestad og Jon Peder Vestad frå lærarsida, i Mangalore på gjenbesøk. Målsettinga med dette samarbeidet er å formidle teoretisk og praktisk kunnskap om fjernsynsjournalistikk, og dessutan skape forståing for indisk og norsk kultur, samfunnsliv og massemedia for norske og indiske journaliststudentar og lærarar. Lærarane frå AMF vil gi forelesingar under opphaldet, og studentane skal delta i undervisinga og jobbe med eigne prosjekt.
I september var Avdeling for lærarutdanning vertskap for det årlege Nordplus-møte i den Norplus-gruppa høgskulen er med i. Det deltok representantar for Holbæk seminarium i Danmark og Høgskolen i Kalmar i Sverige.
- rektor