HVO på yrkesmesser i Volda og Ulsteinvik
Utdanningsmesser
I tillegg til dei meir lokale messene i Ulsteinvik (29. - 30. jan.), Volda (30. januar) og Kristiansund (6. februar), er HVO også på dei store yrkes- og utdanningsmessene i Bergen, Trondheim, Ålesund og Oslo.
I fjor var over 10000 ungdommar innom utdanningsmessa
i Bergen. Foto:pab
På dei største messene deler HVO stand med Ålesund og Molde. Tendensen er klar: Det er framleis journalistikk som er mest populært. På årets messe i Trondheim delte vi ut ca. 1200 studiekatalogar på tre dagar.
På standen viser HVO video. I år har
det blitt laga videoar for ALU og ASF.
Vi viser også animasjonsfilmar og andre
studentproduksjonar. Foto:pab
Vidaregåande skular i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane
HVO har i alt vitja 15 vidaregåande skular frå Sandane til Surnadal. Andre deltakarar er høgskulane i Molde og Ålesund, høgskular og universitet i Trondheim og Bergen, Forsvaret og Samordna Opptak. Det er fylkeskommunane i fylka som er ansvarlege for opplegget.
Frå orienteringa på Eid. Foto:pab
I alt er HVO på vegen i over 30 dagar. Vi har også med studentar når vi er ute på desse messene og orienteringane.
PC og videokanon er gode hjelparar
under orienteringane. Foto:pab