Hovudfag i spesialpedagogikk

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Opplegget for dette hovudfaget har vore basert på at første semester i hovudfaget skal svare til andre semester i andre avdeling spesialpedagogikk, og kan takast ved ein av høgskulane. Andre semester skal etter avtalen takast ved universitetet i Trondheim. Tredje og fjerde semester kan takast ved den institusjonen der studentane får rettleiing.

No har vi diskutert med NTNU om vi kan utprøve eit opplegg der studentane også får andre semester i Volda. I tilfelle vil heile hovudfaget bli avvikla ved HVO. Pedagogisk institutt har stilt seg positiv til dette, noko som inneber at vi frå hausten truleg vil ha minst ti studentar som tar til på hovudfag i spesialpedagogikk.

Det gjenstår å diskutere ein del praktiske sider, men vi reknar med at dette vil gå i orden. Dette blir eit spennande tilbod som peikar mot liknande tilbod i generell pedagogikk og kanskje andre fag.

-rektor

Del på