Høgskulerådet vil ha eit felles u-h-råd

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Høgskulen i Vestfold var vertskap for møtet i Det norske høgskulerådet 11. og 12. oktober.

Høgskulerådet er interesseorganisasjonen for dei statlege høgskulane, og kan i år feire femårsjubileum. Dette er ingen alder for ein utdanningspolitisk organisasjon, likefullt kan det sjå ut som Høgskulerådet er inne i sitt siste år.

Ei av hovudsakene på møtet galdt spørsmålet om samanslåing av Høgskulerådet og Universitetsrådet til ein felles interesseorganisasjon for universiteta og dei statlege høgskulane. Diskusjonen på møtet viste at det er sterk interesse for dette i begge sektorane. Dette er ei utvikling som har gått langt raskare enn det nokon kunne forutsjå for få år tilbake. Hovudgrunnen til at vi har fått ei slik utvikling er det som har blitt kalla den akademiske drifta i høgskulesektoren, som har ført til at skilnadane mellom høgskulane og universiteta har gradvis blitt mindre. Den enkelthendinga som kanskje i størst grad har bidratt til å sette fart i prosessen, er at departementet har opna for at høgskulane også kan tilby doktorgradsutdanningar. Då denne særretten fall, var det i prinsippet ikkje skilnader igjen mellom dei to sektorane.

Andre viktige endringar som har bidratt til at universitets- og høgskulesektoren no finn det tenleg å framstå som ein sektor er:
· Vi har ei felles lov for dei to sektorane

· Det er i dag felles stillingsstruktur i dei to sektorane

· Det har skjedd ei sterk kompetanseheving i høgskulane

· Høgskulane ha i dag høve til å utvikle eigne hovudfags- og mastergradsstudiar

· Høgskulane får ta i bruk gradsnemningane og kandidattitlane som universiteta brukar

· Praksisinnhaldet i profesjonsutdanningane ved høgskulane gir no uttelling i cand. mag. grada

· Forslaget om endring i privathøgskulelova opnar for at private høgskular kan bli vitskaplege høgskular eller universitet

· Kompetansereformen har ført til at universiteta og høgskulane samarbeidet om Norgesnettuniversitetet

· Den internasjonale situasjonen med framveksten av nye høgre utdanningsinstitusjonar innan universitets- og høgskulesektoren, tilseier at institusjonane no bør stå samla

Universitetsrådets representantskap gjorde alt i mai eit vedtak der det heiter: "Representantskapet gir sin tilslutning til arbeidet med å videreutvikle en felles plattform for Universitetsrådet og Høgskulerådet for å sikre institusjonenes plass i den utdannings- og forskingspolitiske strategiutviklinga og for å etablere rasjonelle fellesløsninger." Styra i begge råda følgde opp denne utfordringa og Høgskulerådet gjorde i Tønsberg eit forpliktande vedtak om at forholda skal leggast til rette for samanslåing. Timeplanen for det vidare arbeidet er at begge råda skal samlast til møte i mai og ta endeleg stilling til eit forslag om eit nytt råd og nedlegging av dei gamle.

Universitet eller høgskule?
Det norske høgskulerådet drøfta også ei anna sak som er viktig for institusjonsstrukturen. Ved høgskulereforma i 1994 var ein av grunnpremissane frå statsråd Hernes at vi skulle ha to sektorar med 4 universitet og 26 statlege høgskular.

Eit lite land som Noreg hadde ikkje kapasitet til å ha meir enn 4 universitet, meinte Hernes. Denne premissen har gradvis blitt rokka ved, og no tar institusjonane sjølve til orde for ei oppmjuking. Både Universitetsrådet, Høgskulerådet og Norgesnettrådet kjem no med likelydande innspel til Mjøs-utvalet om å vurdere institusjonsstrukturen og ei endring av §1 i lova, slik at spørsmålet om kva status institusjonane har ikkje bli fastlåst i lova.

I dag er det slik at institusjonane blir nemnt med namns nemning i §1. Det inneber at det berre er Stortinget som kan endre institusjonsnamna. Det synspunktet som råda argumenterer for, er at det i eit dynamisk system for høgre utdanning er uheldig å fastslå ein institusjonsstruktur ved lov. I vedtaket frå Høgskulerådet heiter det derfor at "Det norske høgskolerådet tilrår at det utredes en lovendring slik at institusjonsstrukturen ikke fastsettes i loven, men at institusjonene gis adgang til fritt å velge den betegnelse som de finner best dekkende for sin virksomhet og faglige profil." Dersom departementet følgjer dette rådet, vil det skape heilt nye premissar for diskusjonen om institusjonsstrukturen. Argumentasjonen bak dette forslaget er den same som ligg til grunn for forslaget om å etablere eit felles råd for universitet og høgskular.

I tillegg blir det peika på at universitetsomgrepet ikkje er lovbeskytta, og blir brukt om samarbeidstiltak som Norgesuniversitetet og av private institusjonar som Folkeuniversitetet. Utviklinga internasjonalt tilseier også ein meir fleksibel bruk av universitetsnemninga. Dersom vi får ei lovendring i den retning som råda tilrår, vil det innebere større fridom til institusjonane og dermed større ansvar for eiga utvikling. Mange trekk i den utdanninspolitiske situasjonen peikar i denne retninga, og tyder på at marknadstenkinga vil får meir å seie og den statleg styringa mindre å seie for utviklinga av institusjonane innanfor høgre utdanning i tida framover.


-rektor

Del på