Historie storfagstillegg som deltidsstudium
Storfagstillegget utgjer 10 vekttal og er ei påbygging til historie mellomfag (30 vekttal). Storfaget kan også brukast som eit førstesemest
Opptak
For å bli opptekne må søkjarane ha mellomfag i historie med karakteren 3,0 eller betre. Søknadsskjema ligg ved.
Innhald
Innhaldet i storfaget er bygd opp om temaet: Lokale, regionale, nasjonale og etniske identitetsoppfatningar. "Motkultlur" hegemoni og mothegemoni- og sentrum-periferi-problematikken vil vere sentrale tema i storfaget. Det er også lagt inn eit samanliknande og internasjonalt perspektiv i høve til språk- og nasjonalstatsutviklinga elles i Europa. Ein kjem inn på mangfaldet i verdsoppfatningar, religiøse tradisjonar, normer og verdiar mellom allmugen i Noreg og Europa og påverking mellom ymse regionar.
Oppbygging av studiet
Pensumet i storfaget er samansett av to komponentar:
1. Eit obligatorisk kjernepensum på om lag 1000 sider og 5 vekttal.
2. Ei semesteroppgåve på ca 25 maskinskrivne sider som skal utgjere 3 vekttal, og eit sjølvstendig utarbeidd pensum på om lag 400 sider og 2 vekttal.
Eksamen i del 1 er ein 8-timars skriftleg eksamen. Eksamen i del 2 er ved sida av oppgåveevalueringa ein munnleg eksamen.
Undervisninga på ca. 50 timar vert truleg konsentrert om 5 samlingar på ettermiddagstid eller helgasamlingar gjennom vårsemesteret etter nærare avtale med studentane.
Studentane avgjer sjølve om dei går opp til eksamen våren 1999 eller hausten 1999.
Søknad på eige skjema vert sendt til høgskulen i Volda seinast 24. januar.
Nærare informasjon kan ein få av fagleg ansvarleg Arnljot Løseth (tlf. 70075121) eller instituttleiar Atle Døssland (tlf. 70075088).