Historie storfag

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Historisk institutt har i vårsemesteret sett i gang storfag i historie, eit nytt studietilbod på 10 vekttal som byggjer på mellomfaget. Studiet blei lyst ut i november under føresetnad om godkjenning, og har fått 10 studentar som er måltalet for studiet. KUF legg til grunn at studiet må finansierast innanfor høgskulen sine rammer, og seier at høgskulen må arbeide vidare for å avklare om det kan innpassast i hovudfag i historie ved universiteta. Det vil seie at dei som har storfaget vil få det godskrive som førstesemester i eit hovudfagsstudium. Det er tanken at storfaget skal innpassast på denne måten i det planlagde hovudfaget i kulturstudiar som det blir arbeidd med i tilknyting til Ivar Aasen-instituttet.

-rektor

Del på