Hans Strøm - seminar

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Program 8. september

09.15-10.00: Arne Apelseth:
Presentasjon av Hans Strøm (1726-1797). Hans Strøm som tidstype.

10.15-10.00: Ragnar Standal:
Hans Strøms arbeidsmåtar, med vekt på annotasjonsboka.

11.15-12.00: Birger Løvlie:
Frå Erik Pontoppidan til Hans Strøm. Om Hans Strøm som teolog og forkynnar.

12.00-13.15: Pause

13.15-14.00: Steinar Supphellen:
Hans Strøm og norsk historievitskap

14.15-15.00: Stein Ugelvik Larsen:
Hans Strøm - ein tidleg samfunnsvitar?

15.15-16.00: Geir Litland:
Hans Strøm som naturhistorikar


Stad: Sjå eige oppslag.


Forelesarane
Steinar Supphellen er dr. philos. og professor i historie ved historisk institutt, NTNU Trondheim. Supphellen har skrive og redigert ei rekkje arbeid med emne frå norsk 1700-tal. Av særleg relevans er Steinar Supphellen og Steinar Imsen (red.): Studier i norsk historie. Tvillingriket 1660- ca. 1800. Norske historikere i utvalg, band VIII (1984).

Stein Ugelvik Larsen er førsteamanuensis ved institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen. Ugelvik Larsen er forfattar og medredaktør av fleire arbeid om eldre sunnmørsk lokalhistore, m.a. Stein Ugelvik Larsen/Jarle Sulebust: I balansepunktet. Sunnmøres eldste historie 800-1660 (1994).

Geir Litland er cand. real., lektor og underviser i dag ved Bergen Katedralskole. Tok hovudfag i zoologi på den naturvitskaplege forfattarskapen til Hans Strøm. Litland er med Hans Strøms zoologiske innsats, Universitetet i Bergen, 1971, den fremste kjennaren av Strøms naturvitskaplege arbeid.

Ragnar Standal er cand. philol. i historie, bygdebokforfattar og har elles gjeve ut fleire arbeid med emne frå 1700-talet. Standal har vore sentral i det omfattande arbeidet med å gje ut ei tidhøveleg utgåve av Hans Strøms «Annotations-Bog», eit forarbeid til Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør I-II (1762-1766).

Birger Løvlie er teol. dr. og førsteamanuensis ved avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Løvlie har etter doktoravhandlinga Kirke, stat og folk i en etterkrigstid (1995) interessert seg for preikehistoriske perspektiv med utgangspunkt i pietismen, m.a. slik dei nedfeller seg hos presten og forkynnaren Hans Strøm.

Arne Apelseth er høgskulelektor i norsk ved avdeling for humanistiske fag ved Høgskulen i Volda. Apelseth har særleg arbeidd med idéhistorie og litteratur mellom 1750 og 1850. I 1995 gav han ut Hans Strøm (1726-1797). Ein kommentert bibliografi.


Kort om Hans Strøm
Hans Strøm vart fødd 25.1.1726 i Borgund på Sunnmøre. Foreldra var prost
Peder Strøm (1682-1741) og Gunhild Susanna Hagerup (1687-1764). Hans Strøm var nest eldst i ein syskenflokk på fire. Sysken: Aarsille Cathrine (1724-1748), Ole (1726-1782) og Jens Henrik (1729-1800).

Strøm tok teologisk embetseksamen 1745. Han budde heime hos mora i Borgund 1745-1750 og dreiv sjølvstudiar i ortodoks-pietistisk og filosofisk litteratur i farens bibliotek. Gav noko privatundervisning ved sidan av. Strøm var deretter kapellan hos sokneprest Meldahl i Borgund i 14 år, frå 1750 til 1764. Sokneprest i Volda 1764-1779. Vart i denne tida særleg renommert som naturforskar. Innvotert medlem i vitskapsselskap i Noreg, Danmark, Sverige og Tyskland. Forlet Sunnmøre i 1779 og vart sokneprest i Eiker 1779-1797. Skjøtta kallspliktene og granskingsarbeidet på same vis som i Volda.

I 1750-åra kom Strøm over Pontoppidans naturhistorie og Linnés botaniske arbeid. Tok sjølv til med granskingar og reiste på fleire ferder kring om på Sunnmøre. Notatar frå reisene i Annotations-Bog. Resultata vart publiserte i Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør I-II (København, 1762-1766), eit verk som etablerte Hans Strøm som ein av si tids vitskaplege autoritetar. Han følgde opp dette arbeidet med ei rekkje artiklar, der særleg det naturvitskaplege området var sterkt representert.

Andre del av 1700-talet er gjerne kalla opplysningstida. Med dette omgrepet legg ein gjerne vekt på at kunnskap og vitskap overtok der religiøs tru og dogmatikk før hadde dominert. Dette galdt både ute i Europa og i Danmark-Noreg. Eitt kjenneteikn på at ei ny tid var i emning var dei mange selskapa med patriotisk vitskapsinteresse som vaks fram. Hans Strøm hadde tilknyting til fleire av dei, men vi finn han òg i rolla som inspirator og rettleiar. Den funksjonen øvde han både i høve til yngre embetskolleger og opplyste personar frå allmugen.

Hans Strøms vitskaplege forfattarskap er av dei større frå 1700-talet. Det spenner over fleire fagfelt (naturvitskap, teologi, samfunnsvitskap), og det inkluderer - i tillegg til det 1100 sider store verket om Sunnmøre - større verk som Tilskueren paa Landet I-II (1775-76), Physisk-oeconomisk Beskrivelse over Eger-Præstegiæld i Aggershuus Stift (1784) og Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelser for Almuen (1792). Hans Strøm tok elles teologisk doktorgrad (1790) på eit arbeid om urkristendommen.

Hans Strøm døydde i Eiker 1.2.1797, knapt 71 år gammal.


Meir om seminaret.

Del på