God søknad til mastergradsstudium
- Vi er godt nøgde med dette resultatet, seier instituttleiar Roar Amdam ved Institutt for kommunalfag.
Det er i hovudsak folk frå regionen som søkjer, og den store interessa kan tyde på at det har vore eit stort behov for ei slik utdanning i dette området.
- Det er ein viss fare for at vi alt no kan ha dekt behovet i vårt nærområde, så neste år vil vi leggje meir vekt på å rekruttere studentar frå andre delar av landet, seier Amdam.