Frettestaven nr. 9/98

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Statsbudsjettet 1999 - to nye stipendiatstillingar
Statsbudsjettet gir ikkje grunn til gledesrop for vår del, men varslar heller ikkje store endringar i vår situasjon. Ressursrammene blir omlag slik vi kjenner dei frå dei siste åra. Men 99-budsjettet har likevel eit lyspunkt som vi har all grunn til å glede oss over. Måndag i denne veka fekk vi brev frå departementet om tildeling av nye stipendiatstillingar, og der kan vi lese at HVO får to nye stillingar. Volda og Stavanger er dei einaste av dei statlege høgskulane som i denne runden får to stillingar. Vi sende inn ein søknad om fem prioriterte stillingar, som korresponderte godt med skulens fagprofil og dei prioriteringane som departementet la til grunn, og fekk tildelt dei to som var prioritert først frå vår side. Den eine stillinga er fremja av AMF for å arbeide med fagområdet IT-kompetanse i anvendt kommunikasjonsteknologi. Den andre er fremja av ALU for å arbeide med fag- og yrkesdidaktikk. Stipenda blir tildelt for ei periode på tre år frå 1. januar 1999, og det er ein føresetnad at dei som blir tilsette er opptatt som doktorgradsstudentar, og tar sikte på å gjennomføre eit doktorgradsarbeid i løpet av perioden.



Ny forskrift om godskriving av utdanning i samband med cand.mag. graden
Det har i lang tid vore diskusjon om kva utteljing ulike utdanningar skal gi innanfor cand.mag. graden. Enkelte utdanningar har berre fått godskrive deler av utdanninga, slik at studentane i praksis har måtta studere meir enn fire år før dei kunne få graden. Departementet slår no fast at det er tid-for-tid prinsippet som normalt skal gjelde for utdanningar frå institusjonar under den nye universitets- og høgskulelova. Prinsippet skal også gjelde for eldre utdanningar frå institusjonar under den tidlegare eksamenslova og universitetslova, men for ein del utdanningar som er tekne tidlegare er det fastsett redusert utteljing i samband med graden. Gjennom denne forskrifta blir t.d. dei helsefaglege utdanningane, kunstutdanningane og praktisk pedagogisk utdanning no stilte på lik linje med det som har vore praksis for andre utdanningar innanfor universitets- og høgskulesektoren. Formålet med den nye forskrifta er å bygge eit meir heilskapleg system, som gjer at studentane kan flytte mellom institusjonane utan å tape tid. Det er også ei målsetting at den nye ordninga skal gjelde for den generelle cand.mag. graden som universiteta tildeler. Når det gjeld fakultetsspesifikke grader, er det framleis særskilde krav som gjer at tid-for-tid prinsippet førebels ikkje vil gjelde fullt ut.


Juleavslutninga
Vi lever i ei tid med store reformer. Eg vågar meg derfor til med ein ny reform. Som ei prøveordning legg eg opp til at den tradisjonelle juleavslutninga som vi har hatt ein førjulsettermiddag (13.00-16.00), blir endra og gjort til eit kveldssete (18.00 - ?), der vi samlast rundt ein juletallerken, dessert og kaffi, har eit kort program, men først og fremst får meir tid til å samtale, vandre omkring og treffe nye og spennande kollegaer både i sofagruppa og på dansegolvet. Når eg går til det vågale spranget å utfordre ein så sterk tradisjon, så har det samanheng med reaksjonar eg har motteke som tyder på at tradisjonen er mogen for ei justering, som i sterkare grad gir rom for uformelt samvær og kontakt med kollegaer. Eg varslar derfor alt no at torsdag 17. desember kl. 18.00 blir det førjulssamling på Viking Fjord Hotell i Ørsta. Den summen som vi til vanleg har sett av til førjulsavslutninga går inn i dette tiltaket. Om det skulle vise seg at dette ikkje er nok, kan det bli aktuelt med ein eigenandel i tråd med det som synest å vere modellen for alle velferdsgoder som blir for dyre for det offentlege. Dette skal vi kome tilbake til, men set av denne kvelden alt no. Det vil du ikkje angre på. Eg tar gjerne imot merknader og gode idear i samband med denne samkoma.


Publikasjonar
· Rakel Granås har vore med i hovudredaksjonen for Nordisk Kvindelitteraturhistorie, som no er fullført som eit imponerande verk i fem band. Verket er utgitt av forlaga Rosinante/Munksgaard i København, og har vore i arbeid sidan tidleg på 80-talet. Rakel har i tillegg til å sitte i hovudredaksjonen i alle desse åra også, som ei av dei få, skrive artiklar i alle banda.

· Atle Døssland står som forfattar av tredje bandet av Strilesoga, som er eit historieverk om Nord- og Midhordaland. Dette bandet omhandlar perioden frå 1650 til 1800. Boka er utgitt på Eide forlag i Bergen.

· Jan Inge Sørbø har kome med sin andre roman, som har fått tittelen Til Elise. Boka er utgitt på Det Norske Samlaget.

· Peder Haug: Linking evaluation and Reform Strategies. I T.A. Schwand (ed.) Scandinavian Perspectives on The Evaluator's Role in Informing Social Policy. San Fransico: Jossey-Bass

· Peder Haug: Integration and special education research in Norway. I D. Ferguson (ed.): Crossing Borders: Learning from Inclusion and Restructuring Research in Sweden, Denmark, Norway and United States. International Journal of Educational Research 29.

· Jon Tvinnereim har skrive jubileumsbok til 75-årsjubileet til Sogn og Fjordane Skikrins. Boka har fått tittelen Ski-idrett i Sogn og Fjordane.

· Jon Peder Vestad: Ord og uttrykk i norsk journalistikk. Arbeidsrapport nr. 59, HVO/MF.

· Jon Olav Myklebust: Særvilkår og ordinærvilkår. Om gjennomstrøyming, avbrotsintensjonar og foreldreperspektiv. Arbeidsrapport nr. 60, HVO/MF.

· Roar Amdam: Metode-essay. Notat 14/98, HVO/MF.

· Jon Olav Myklebust: Transitions in Teachers' lives. Notat 16/98, og Staying or Leaving? Actual and intended Transitions in Upper Secondary Educations. Notat 17/98. Begge desse notata er bidrag til konferansen: European Conference on Educational Research, Ljubljana 17.-20. september 1998.




Del på