Folk i farta

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Peder Haug har vore i Sverige etter invitasjon frå Skolverket i Stockholm for å inspirere svensk spesialundervisning. Dette var eit oppdrag som den svenske regjeringa stod bak. Han har også vore i USA, invitert av United States Department of Education, for å delta på Fifth international congress on serving children with special needs in the community. Her deltok han også på eit internasjonalt symposium i regi av OSER/OECD/CERI med følgjande tema: Professional development: Implications of including students with disabilities within systemic education reform initiatives.

Per Magne Aadnanes er fredag 23. oktober opponent ved doktordisputasen til cand. theol Geir Skeie, som forsvarar avhandlinga En kulturbevisst religionspedagogikk for doctor artium-graden ved NTNU i Trondheim

-rektor

Del på