FLEKSIBEL VIDAREUTDANNING 1998-99
FRILUFTSLIV, 10 vekttal (Volda/ulike naturmiljø)
Studiet i friluftsliv skal gje ei heilskapleg rettleiarutdanning for arbeid med barn og ungdom i barnehage, skule, skulefritid og fritid.
HISTORIE MELLOMFAG, 10 vekttal (Ålesund)
m. hovudemne fylkeshistorie for Møre og Romsdal. I forhold til grunnfaget går mellomfaget djupare inn på meir avgrensa emne og tema. Det skal utvikle ei sjølvstendig haldning til historiske problem, m.a. gjennom teori og arbeid med skriftlege oppgåver.
INFORMASJONSTEKNOLOGI FOR LÆRARAR,
1. og 2. 10-vekttalseining (fjernundervisning)
L97 stiller store krav til bruk av IT på alle klassetrinn og innan alle fagområde. Studiet skal setje studentane i stand til å nærme seg denne målsetjinga og gjere dei til personlege IT-brukarar.
LEIING FOR OFFENTLEG TILSETTE, 10 vekttal (Volda)
Leiarutdanning for tilsette på alle nivå i kommunar, fylkeskommunar og statleg verksemd. I studiet legg ein vekt på å presentere relevant teori om organisasjon og leiing. Teorien er praktisk retta, og blir knytt til bruk av analyseverkty og erfaringsutveksling.
PEDAGOGISK ARBEID PÅ SMÅSKULESTEGET,
1. OG 2. 10-vekttalseining (m.a. Kristiansund, Ålesund)
Dette er vidareutdanning for førskulelærar og lærarar. Studentane skal få kvalifikasjonar til å realisere måla for den nye småskulen.
PRAKTISK-PEDAGOGISK UTDANNING - ALLMENNFAG,
20 vekttal over 2 år (Ålesund)
Utdanninga skal gje nødvendig fagleg og pedagogisk kunnskap, og praktisk opplæring i å planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i samsvar med mål og retningsliner for grunnskulen og den vidaregåande skulen.
REGIOPLAN NORDVEST, 10 vekttal (Volda)
Studiet er retta inn mot offentleg tilsette som arbeider med plan- og utviklingsarbeid i nærmiljø, bygdesamfunn, kommunar eller regionar.
Studiet har stor vektlegging av m.a kommunale planleggings-og utviklingsoppgåver knytt til både samfunns- og organisasjonsutvikling.
SPESIALPEDAGOGIKK 1. AVDELING,
10 vekttal (Molde)
Studiet er vidareutdanning for førskulelærarar og lærarar. Det skal førebu studentane til å planlegge, gjennomføre og vurdere spesialpedagogiske tiltak i barnehage og skule.
TYSK GRUNNFAG, 20 vekttal over 2 år (Kristiansund)
Studiet skal gje innsikt i tysk grammatikk, litteratur og Landeskunde og solid øving i å bruke tysk språk både skriftleg og munnleg.
VIDAREUTDANNING I RUSPROBLEMATIKK - DEL 1,
10 vekttal (Ålesund)
Studiet er retta mot fagpersonell i helse og sosialtenesta, og legg vekt på det tverrfaglege, heilskapssyn og handlingskompetanse innanfor rus- og avhengighetsproblematikken.
FORPRØVER I FONETIKK OG LINGVISTIKK,
3 vekttal (Volda)
Prøva gir ei grunnleggande innføring i lydlære og språkstruktur. Studiet vil vere svært nyttig for dei som har tenkt å studere språk.
Vidareutdanningane har fleksibel organisering ved at dei er tilpassa som deltidsutdanning og lagde til ulike studiestader i fylket. Alle studia vert finansierte ved studieavgift. Studiestart er avhengig at det melder seg nok søkjarar. Søknadsfrist 15. april.
For meir informasjon og søknadsskjema kontakt:
KONTORET FOR ETTER- OG VIDAREUTDANNING
Tlf: 70 07 53 15/53 18 eller e-post: [email protected]