Evalueringsprisen 1998
Det er mange som har stilt spørsmål om departementet berre er opptatt av dei kvantitative sidene ved høgre utdanning. Her kjem eit utspel som rettar søkjelyset mot kvaliteten i utdanningane. Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet har utlyst evalueringsprisen for 1998. Det er sett av kr 500 000 som blir tildelt fagmiljø med gode opplegg for studentevaluering av undervisning. Det vil bli delt ut første, andre og tredje pris. Det er meininga at pengane skal brukast til å vidareutvikle studiekvaliteten.
Fagmiljø ved HVO som vil delta i konkurransen om evalueringsprisen 1998 sender sine forslag til rektor, som har meir informasjon om prisen. Kvar institusjon kan sende inn to forslag. Frist for innsending til departementet er 1. april. Evalueringsprisen blir tildelt i samband med den årlege nettverkskonferansen for universitets- og høgskulepedagogikk som blir arrangert av Høgskolen i Oslo i oktober.
-rektor