Etter- og vidareutdanning
Omgrep som livslang læring, kompetansesamfunnet, omstillingsevne osv, er snart like ofte nemde i dei sentrale tariff-forhandlingarsom kroner og øre. Med lågare ungdomskull kan aktivitet på dette området også vere avgjerande om høgskulane skal kunne halde oppe aktiviteten på noverande nivå.
Fleire med generell studiekompetanse
I Universitetslova § 2 nr. 5 står det at "Institusjonene har ansvar for å gi tilbud om etterutdanning på sine fagområder". Det såkalla Buer-utvalet opnar for at det skal bli lettare for fleire grupper å oppnå generell studiekompetanse, inngangsbilletten til høgre utdanning.
Frislepp på etter- og vidareutdanningsmarknaden
Høgskulane er på ingen måte aleine på etter- og vidareutdanningsmarknaden, og det regionale hegemoniet ein høgskule kunne ha før, er ikkje så sjølvsagt lenger. Fleire opplysingsorganisasjonar har lang røynsle på området og driv det godt.
Kursagentar
I ein veksande og meir lukrativ marknad kan ein sjå føre seg såkalla "kursagentar" som vil operere i grensesnittet mellom verksemder, organisasjonar o. l. og kompetanseleverandørar over heile landet. Desse kursagentane vil, i større grad enn ein høgskule, ha stor omstillingsevne og høve til å handle raskt. IT vil gjere eventuelle problem som avstandar mindre eller uaktuelle. HVO sine eigne Internett-baserte kurs er gode døme på dette.
Fortrinn
Universiteta og høgskulane har på si side to klåre fortrinn: forskingsbasert undervisning og rolla som sertifiseringsinstans. Høgskulane må utvikle nye marknadstilpassa tilbod og sørge for at denne tilboda går i økonomisk balanse - utan at ein prisar seg ut av marknaden. Det er ei utfordring med konkurrentar som t. d. har langt lågare kostnadar til infrastruktur, fagpersonell, osv. Mange samarbeidspartnarar har også sterke forventningar om at kurstilboda frå høgskulen skal vere prismessig mykje lågare enn frå private tilbydarar, ei forventning høgskulen ikkje alltid kan innfri.
FoU-midlar
Den eksterne kursaktiviteten legg eit stort press på dei fagleg tilsette, og mykje tid og krefter vert bunde opp i reising. Mange av lærarane føler at aktiviteten er kompetansetappande i den forstand at aktiviteten ikkje genererer midlar til FoU-arbeid.
- Skal ein kunne halde fram med denne aktiviteten, må øyremerka FoU-midlar i tillegg til lønnsmidlane førast tilbake til avdelinga, seier dekanus Odd Ragnar Hunnes ved Avdeling for lærarutdanning.