Ein epoke er over
Er ikkje i ro over eit lengre tidsrom. Karakteriserar det faktum at han er amanuensis som eit under, fordi han har problem med å sitje stille å skrive.
Jan Driveklepp går av
etter 7 år i direktørstolen
Fødd på Åndalsnes for snart 60 år sidan, men flytta til Volda som smågut. Reknar seg difor som innfødd volding så god som nokon. Jan Driveklepp er gift med Anna, og dei har tre born og fire borneborn. Han har vakse opp på garden Driveklepp i Volda, og dette har på mange måtar forma personen Jan Driveklepp.
- Den nære kontakta med naturen og dyra har heile livet vore med på å minne meg på at alt har ei byrjing og ein ende. Det er ein evig syklus der epokar vert avløyste av kvarandre. At eg vaks opp i ein gudfryktig heim har gjeve meg ein god ballast å ta med i livet. Trua på at der finst ei høgare makt som står over oss menneske, har vore ei god forankring i livet mitt og i min daglege funksjon. Å tru er også å godta at det ikkje er alt eg forstår og kan forklare av det som skjer rundt meg. Kanskje det er akkurat dette som gjer det så spanande å vere menneske? undrar Jan Driveklepp. Det har alltid vore viktig for meg å tenke på at bak kvar gjerning finst det eit menneske og at der er ein grunn til at dette mennesket handlar som det gjer. Dette har vore ei god rettesnor for meg også i arbeidet som høgskuledirektør.
I pakt med naturen
- Å få vekse opp og bu på Driveklepp har vore og er fantastisk. Om vinteren kan vi spenne på oss skia rett utanfor gangdøra, og om sommaren bur vi faktisk på fjellet. Det å ferdast i Guds frie natur er ein viktig og nødvendig del av livet mitt, fortel Jan Driveklepp. Opp igjennom åra har eg drive med forskjellige friluftsaktivitetar, men det viktigaste har heile tida vore å få bruke naturen og kroppen. Det å vite kva kroppen toler og lære seg å forstå kroppen sin psyke, gjer sitt til at vi menneske kjem i balanse med oss sjølve. Det gir overskot til å møte og å takle den stressa kvardagen vi lever i. Kunsten i livet er å vere fornøgd, skape trivsel og å vere medmenneske i kvardagen, filosoferer Driveklepp.
- Eg har forresten prøvd meg på den nye sporten golf. Dette er ein fin sport som kan dyrkast ute i den menneskeskapte naturen, seier Driveklepp entusiastisk.
Siviløkonom med heimelengt
Etter obligatorisk skulegang, fullførte han siviløkonomstudiet i Bergen. Sjølv om jobbtilboda var mange, vart heimlengten for sterk og vegen gjekk attende til Volda og stilling som lærar ved økonomisk gymnas.
I 1975 tok han i mot ei undervisningsstilling ved Distriktshøgskulen ( DH ) i Volda. Frå 1979 vart han valt som den fyrste rektoren i full stilling ved DH. Etter tre år gjekk han attende til undervisningsstillinga.
Som rektor ved MRDH var Driveklepp sentral
i oppføringa av Hans- Strøm bygget
Prosjektleiar for samanslåinga av VLH og MRDH-V
Gudmund Hernes var pådrivar for høgskulereforma som
førte til samanslåinga av Volda lærarhøgskule og
Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda
I 1992 vart han leiar for prosjektet med å slå saman DH og lærarhøgskulen til ei eining. Høgskulen i Volda ( HVO ) vart ein realitet i 1994, og den fyrste direktøren ved institusjonen bar namnet Jan Driveklepp. Då han tok til i denne stillinga, var han også den fyrste administrerande direktøren ved ein av dei nye 26 statlege høgskulane i Noreg.
Bygg, reis deg! Berte Kanutte-huset, den nye hovudbygninga ved HVO,
er eitt av dei store prosjekta Driveklepp har hatt hand om.
Kontakta med KUF har vore viktig for å skaffe pengar til drift og utvikling. Det går framleis gjetord i departementet om heftige møte mellom Driveklepp og Gjertsen. Her er ein delegasjon frå KUF med avdelingsdirektør Gjertsen (innfelt) spissen på synfaring på Berte-Kanutte tomta.
Utolmodig og prosjektretta
Driveklepp har hatt tre permisjonar frå høgskulen desse åra. Som dagleg leiar for Møre Skofabrikk, soussjef i Sunnmørsbanken og som leiar for Møregruppa, ein interesseorganisasjon for møbelfabrikkane på Møre. Dei to fyrste arbeidsplassane ligg i Volda, medan Møregruppa sitt kontor ligg i Ålesund. Jan Driveklepp pendla då kvar dag strekninga Volda-Ålesund.
- Eg tok permisjon for å oppdatere meg fagleg, seier Driveklepp. Det var heile tida ei medviten handling, og eg var aldri inne på tanken å slutte ved HVO. Å arbeide ved høgskulen har heile tida vore lystbetont for meg. Eg har i alle år vore like optimistisk kvar dag og faktisk ikkje forsove meg ein einaste gong på desse 26 åra, seier han smilande.
Musikk
- Eg er nokså altetande når det gjeld musikk. Har sansen for klassisk jazz og countrymusikk. Eg er svak for visesong som til dømes med Kari Bremnes. Og den stemningsfulle bluesmusikken likar eg også godt. For tida er eg litt hekta på klassisk musikk og synes det er herleg å skru volumet opp på stereoanlegget når eg høyrer på "Dovregubbens hall" av Grieg, fortel Jan Driveklepp. Musikken dannar svært ofte bakgrunn til andre gjeremål, men det er klart at eg også av og til berre nyt musikken som rein avslappning.
Kunst
- Smaken heller nok mot det klassisk figurative, sjølv om eg også finn meining i noko av den modernistiske kunsten, seier Driveklepp. Eg er oppteken av at bileta skal skape assosiasjoner, ikkje alltid forståelse, men ei form for tilbakemelding frå ein type aktivitet som ein ikkje kjenner, men alikevel kan nyte. For meg er det ikkje eit mål å eige bilete av høg pengeverdi. Det ser eg på som ei form for snobberi. Eit bilete som er måla av ein utøvar som eg kjenner, kan vere mykje meir verd. Ved å kjenne til bakgrunnen til kunstnaren, vil svært ofte også motivet tale til meg på ein spesiell måte, fortel Driveklepp. Eg har ein del bilete hengande på veggane både heime og på høgskulen. Dette er bilete som eg kosar meg med. Det er viktig at bileta stemmer med sinnstemninga mi, at eg likar det og at eg heile tida kan sjå nye ting i det. Eg kunne aldri tenkje meg å ha eit bilete på veggen berre fordi det er verdifullt i kroner og ører. Ei teikning laga av borneborna vil vere meir verd for meg.
Balanse i livet
Jan fortel at bokhyllene heime på Driveklepp er fulle av forskjellige bøker.
- Det har lett for å verte faglitteratur når eg set meg ned med ei bok. Elles vel eg lettlest litteratur for avslapping og underhaldning. Nett no er eg ferdig med boka " Rødstrupe " av Jo Nesbø. Kriminalromanar skriven av til dømes Anne Holt eller Gunnar Stålesen er også bøker eg set stor pris på. Svært ofte ynskjer eg meg bøker i julegåve, seier Jan Driveklepp. Det å ha evna til å kunne slappe av og kose seg mellom "slaga" er veldig viktig for å skape balanse i livet. Difor vel eg også ofte film i same kategori.
Frimurar
Dei fleste si oppfatning av frimurarane er at det er ei mystisk sekt med mange ritualar som berre innvidde har kjennskap til. Jan Driveklepp er frimurar og kjenner godt til desse utsegnene
- Eg er medlem av både Volda Rotary og Volda/Ørsta frimurarlosje. Frimurarane har ei religiøs forankring og er ei foreining berre for menn. Vi avgir tausheitsløfte og når folk ikkje får vite noko, vert det skapt myter om kva vi gjer bak lukka dører. Det som er mystisk er kanskje det faktum at vi har ein del ritualer. Det er ei trinnvis, pedagogisk opplæring. Menneska lærer best i utvikling og dette verkar både oppbyggjande og positivt,seier Driveklepp.
Rart - ikkje vemodig
At Driveklepp no går av som direktør ved Høgskulen i Volda, ser han som naturleg fordi han ser seg ferdig med fyrste fase av samanslutninga. Det er med andre ord på tide at andre tek over stafettpinnen. Dette har vært planlagt i fleire år, så det er ikkje nokon dramatikk eller usemje som ligg bak at han no overlet roret til andre.
- Eg føler ikkje at det er vemodig å gå av som direktør ved HVO, til det har det vore for nøye planlagt frå mi side, seier Driveklepp. Men eg må vedgå at det kjem til å verte litt rart. Frå å ha vore midt i sentrum i mange år, skal eg tilpasse meg ei tilbaketrekt rolle der eg ikkje skal ta del i viktige avgjerdsler ved HVO meir. Eg kjem til å sakne dei dyktige medarbeiderane mine. Eg føler at forholdet til dei har vore nært, og at det har fungert veldig godt, seier Driveklepp tankefullt.
Det er faktisk samtalane med dei enkelte medarbeiderane som på mange måtar har vore dei mest verdifulle stundene i denne jobben. Ofte har utgangspunktet for samtalen vore vanskeleg. Når ein så klarar å snakke ut om problema og kanskje snu det til noko positivt, opplever ein eit fellesskap og ei forståing for kvarandre som er svært verdifull i kvardagen, meiner Driveklepp.
Overgang og omstilling
- Sjølvsagt er det litt rart å skulle skifte beite på høgskulen, men samstundes er det veldig spanande. Av natur er eg optimist, men det er klart at mange spørsmål svirrar rundt i hovudet: Er eg i stand til å undervise etter så mange år? Klarar eg å omstille meg til den nye rolla eg skal inneha? seier Driveklepp. Så langt føler eg at eg har forberedt meg sjølv godt mentalt, men røyndomen kan sjølvsagt vise noko anna. Men heldigvis har eg fått høve til å ta eit oppdateringsår, og denne tida har eg tenkt å nytte godt.
Utfasing og oppbygging
Driveklepp understrekar kor viktig den fyrste tida etter at han sluttar som direktør ved HVO er.
- For meg vil det å fase skikkeleg ut vere særs viktig før eg startar på å omstille meg til den nye arbeidssituasjonen. I og med at eg ikkje skal vere i operativ teneste det fyrste året, skal eg mellom anna lese, vitje andre høgskular og universitet og på denne måten oppdatere meg og kome ajour fagleg. Økonomifaget har forandra seg mykje dei siste ti åra og dette vil verte ei reopplæring for meg, fortel Jan Driveklepp. Driveklepp gler seg til å jobbe som forelesar igjen.
Studenthus
- Eg er glad i studentane og håpar at studentane og innbyggjarane i Volda vil verte meir integrerte i framtida. At det nye studenthuset vert ein del av samfunnshuset i Volda, vil vere eit steg på rett veg, seier han. Forresten har eg litt problem med å forstå at forholdet mellom innbyggjarane og høgskulen skal vere verre no enn tidlegare, seier Driveklepp. Tilsette og studentar har alltid vore med i lag, organisasjonar og kommunalt styre og stell i Volda.
No vert det endeleg studenthus i Volda. I juni
gjekk Volda kommunestyre inn for planane om nytt
studenthus i tilknyting til samfunsshuset
Det å vere sjef
- For meg har det vore viktig å vere miljøskapar og å ha eit godt forhold til medarbeiderane mine, seier Jan Driveklepp. Av og til kan dette vere vanskeleg når eg på den eine sida skal vere ven og på den andre sida administrator og sjef. I denne rolla har eg alltid teke meg tid til å lytte til synspunkta den einskilde har kome med. Og når nokon har hatt spørsmål, har eg alltid hatt regelen om at dei har krav på eit snarleg svar. Det verste eg veit er at ting vert utsett i det uendelege. Men sjefsrolla inneber også at ein tek avgjerder som kanskje kan verke urettferdig for nokre. Dette er ein del av jobben, og eg håpar at medarbeiderane mine har hatt forståing for at det ikkje er eg som menneske og privatperson som alltid tek avgjerdslene. Vi er alle ein del av eit system med lover og reglar som må følgjast, seier Driveklepp. Som direktør står eg ansvarleg for at dette vert overhalde. Men det er viktig å la menneska få bestemme sjølv også for det er gjennom å våge og ta sjansar at vi lærer. Balansegangen her er viktig.
Realist med ordensans
På kontoret til høgskuledirektøren er det utruleg ryddig, reint og oversiktleg. Det er nesten slik at ein kan få dårleg samvit når ein tenkjer på sine eigne omgjevnader.
- Eg har eit bevisst forhold til det å rydde, seier Driveklepp. Eg likar å ha oversikt alle plassar og det får eg gjennom å ha det ryddig på alle plan. Eg er flink til å kvitte meg med ting. Dersom eg kjem over ting som ikkje har vore i bruk dei siste fem åra, så kastar eg dei.
Jan Driveklepp har eit realistisk syn på si eiga rolle som høgskuledirektør, og han har klare tankar om korleis tilværet vil verte etter at denne rolla er over.
Jan Driveklepp og rektor Gunnar Stave. Ein epoke er over.
- Mange menneske trur at dei er uunnverlege i jobben sin. Akkurat dette har eg eit veldig avslappa forhold til. Denne tida har vore ei epoke for meg, men berre eit lite vindpust i høgskulen si historie. Den dagen eg sluttar vert eg på ein måte klipt vekk, dette er ein naturleg prosess som eg må gjennom. Men eg skal ikkje nekte for at det vil verte rart. Når eg går ut døra frå kontoret den 6. juli har eg ingen illusjonar om at nokon ved høgskulen har bruk for mitt syn og mine meiningar lenger, seier Driveklepp. Og denne situasjonen skal eg tilpasse meg greitt. Eg veit at eg frå denne dato ikkje har nokon posisjon lenger og må arbeide for å skaffe meg ei ny plattform ved høgskulen. Eg kjem til å sakne medarbeiderane mine, men eg har ikkje tenkt å kome med nokon form for programerklæring. Av erfaring veit eg at sjølv om intensjonane er gode, så viser det seg på sikt at det å tvihalde på gamle vaner ikkje er av det gode for nokon. Ein ny situasjon i ny jobb inneber også skifte av daglege rutinar og sosialt miljø, seier Jan Driveklepp.
Ein epoke og ei ny tid
Den avtroppande høgskuledirektøren snakkar entusiastisk både om fortida og framtida. Smilet er heile tida på lur, og han har evna til å få ein til å slappe av og trivst. Han har evna til å lytte og gjennom samtalen skin det gjennom at han er ein person som er opptatt av det å vere medmenneske. Medmenneske ikkje berre mot sine næraste og medarbeidarane, men også som ein livsfilosofi til den enkelte.
Jan Driveklepp er og vil for alltid vere knytta til Høgskulen i Volda. Men som han sjølv seier:" Ein epoke er over, ei ny tid tek til." Og kjenner vi han rett, vil han nok også i tida framover finne nye prosjekt og utfordringar til beste både for høgskulen og voldasamfunnet.
Tekst: Astrid Urke
Foto og bildetekstar: pab