Ein blir ikkje kvitt mobbing i skulen
- Eg synest det er bra at ein kjempar mot mobbing, men realismen i saka er slik at mobbing er forferdeleg vaskeleg å utrydde. At ein skal klare dette på to år, er umogleg. Difor skal ein heller ikkje kome med slike lovnader, seier professor Haug til NRK Møre og Romsdal.
Professor Peder Haug
Eg oppfattar dette som ein jippo, og eg er tvilande til at dette utspelet er til hjelp i kampen mot mobbing. Eg kan difor ikkje forstå vitsen med slike utspel, seier Haug.