Digital trykking
Det blir i desse dagar vurdert om vi skal gå over til eit nytt digitalt system for trykking som er basert på ein dokumentdatabase og byggjer på prinsippet print on demand, som det heiter i fagspråket. Det inneber at vi kan bestille trykksaker etter behov, heilt ned til eitt ekemplar. Det inneber at vi slepp å sitte med store lager og slepp problemet med gamle trykte utgåver av kompendium som må kastast.
Det nye systemet har store fordelar når det gjeld produksjon av kompendium og trykking av publikasjonar i skriftserien og andre større tekstar. Systemet gjer det også lettare å praktisere Kopinor-avtalen i samband med kopiering av lærestoff. Det alternativet som no blir vurdert inneber eit samarbeid mellom Xerox, HVO og Egset trykk. Det er sett ned ei prosjektgruppe som skal vurdere dette systemet.
Måndag 16. 2. kjem representantar for Xerox og Universitetet i Oslo som har tatt systemet i bruk for å informere og drøfte saka med prosjektgruppa. I den samanhengen er det planlagt eit informasjonsmøte kl.14.00 på Strøm-auditoriet for alle interesserte.
-rektor