Departementet inviterer til dialog
Regjeringa Jagland går av, men samrådstanken lever vidare. Departementet inviterer fredag 31. oktober til styringsdialog med representantar for HVO. Denne gongen kjem departementet sine folk til oss for å møte den valde og administrative leiinga ved høgskulen. Dei vil møte representantar for sentralleinga, avdelingsleiinga, styre, høgskulerådet, tenestemannsorganisasjonane, studentorganisasjonane og studentsamskipnaden. Det blir altså ei representativ og ganske stor forsamling. Frå departementet si side vil avdelingsleiinga i Universitets og høgskuleavdelinga delta. Når det gjeld tema som skal drøftast heiter det at departementet ønskjer å drøfte institusjonen sin totale situasjon med vekt på opptakskapasitet i prioriterte utdanningar, studenttal, søking, ønske om endringar i studietilboda og behov for omstilling. Høgskulen er invitert til å foreslå emne for møtet, så dette gir oss ein god sjanse til å ta opp spørsmål som er spesielt viktige for oss.
-rektor