Buss og poesi!
Utstillinga ”Buss-stopp” er i desse dagar å sjå på biblioteket. Utstillinga skal stå der travle folk ferdast, som rutebusstasjonar, jernbanestasjonar, bibliotek og skular.
Ole Gjendem driv Molde bymuseum, og utstillinga ber preg av nær historie i kombinasjon med litteraturformidling. Gjendem er nyutdanna museumsformidlar frå Høgskulen i Oslo, og har lang erfaring som kulturarbeidar på mange felt.
Nedanfor finn du eit eksempel på eit banner. Det er ei artig utstilling som er verdt eit besøk!