Årsmelding for FoU
Årsmeldinga som dokumenterer FOU aktiviteten i 1996 ligg no føre. Dette er den første systematiske FOU meldinga for HVO. Det er verdt å merke seg at vi i 1995 kunne melde om 83 publikasjonar knytt til FOU. I l996 kan vi vise til heile 403 arbeid. Dette kan sjå ut som ein formidabel produktivitetsauke, skriv tidlegare prorektor Jørgen Amdam, men sanninga er at den vesentlege skilnaden mellom 1995 og 1996, er at vi no har fått til elt godt fungerande rapporteringssystem som fangar opp meir av aktivitetane. Ein stor del av æra for at dette systemet no fungerer må tilskrivast Bergljot Melsæter Worren, som har gjort eit kjempearbeid for å få systemet i gong og for å få den einskilde av oss til å bruke det.