Arbeidet med ny strategiplan
Arbeidet er delt i to fasar. Først blir det invitert til ein diskusjon om visjonar og overordna mål på grunnlag av eit strateginotat som er utsendt og som er tilgjengeleg for alle på fellesområdet (l: f-admin/leiing/rektor/strategiplan/strat1). Innspela frå denne diskusjon blir oppsummert og lagt fram for styret, som blir invitert til å gi føringar for andre fase av arbeidet med strategiplanen. Då skal det utarbeidast konkrete målsettingar, prioriteringar og tiltak for dei komande åra. Undervegs med dette arbeidet er det planlagt eit personalseminar fredag 16. april. Opplegget for denne dagen ser førebels slik ut:
· Frukost påViking Fjord Hotel
· Seminar med ein eller fleire eksterne innleiarar på Ørsta samfunnshus
· Lunsj på hotellet
· Gruppe- og plenumsdiskusjonar og oppsummering på samfunnshuset/hotellet
· Middag og fest på hotellet
Dette blir altså eit heildagsopplegg. Får vi arrangementet til slik intensjonen er, blir det ein svært viktig dag for heile HVO, og for arbeidet med strategiplanen. Vi har behov for ein felles diskusjon om kva utvikling vi ønskjer for Høgskulen i Volda i dei neste åra. Dessutan kan det bli like triveleg som førjulssamlinga. Når datoen nærmar seg blir det sendt ut invitasjon og påmeldingsblankett. Eg ber alle alt no merke seg og sette av denne datoen.
-rektor