Alternativ veg til lærarkompetanse
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) kvalifiserer kandidatar med fagutdanning for undervisning på grunnskulen sitt ungdomssteg og mellomsteg, for vidaregåande opplæring og for undervisningsoppgåver innanfor høgare utdanning.
Fleire vel alternativ veg til læraryrket
Fulle klasser i Volda, Kristiansund og Ålesund
Til saman er det 130 som tar praktisk-pedagogisk utdanning i regi av HVO. I Volda er det 41 ja-svar til 35 plassar, og ved praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfaglærarar i Kristiansund (PPY deltid over to år) har ein 48 ja-svar til 35 plassar. I Ålesund er omlag 50 studentar i ferd med å ta til på siste bolken av deltidstilbodet høgskulen har der.
- Den store interessa for praktisk-pedagogisk utdanning er eit resultat av dei strukturelle endringane som skuleverket har vore gjennom dei siste 7-8 åra, seier ansvarleg for PPU i Volda, høgskulelektor Roy Andreassen. - Vi har fått ei auka vektlegging på fag. Det kan synast som om studentane først vel ei fagutdanning frå høgskule og universitet. Praktisk-pedagogisk utdanning gir studentar med slik bakgrunn undervisningskompetanse, og vi får nye lærarar som har ein annan inngang til læraryrket enn den tradisjonelle lærarutdanninga. Den totale lærarproduksjonen ved HVO er difor høgre enn det oppslaga i media vil ha det til, seier han.
Dobla opptak til spesialpedagogikk
Interessa for høgskulen sine tilbod innan spesialpedagogikk er også stor. HVO har i år faktisk dobla kapasiteten på desse studia frå 30 til 60 studieplassar. Pedagogisk arbeid på småskulesteget (PAPS), som førebur studentar for pedagogisk arbeid med barn i den aktuelle aldersgruppa, har også god søknad. 55 studentar har pr. dato takka ja til ein plass på PAPS.