37 mrd. til kyrkje, utdanning og forsking
-Sett i lys av den økonomiske stoda er eg vel tilfreds med at vi i dette budsjettframlegget aukar løyvingane innan kyrkje, utdanning og forsking, seier kyrkje-, utdannings- og forskingsminister Jon Lilletun. Eg er særskilt nøgd med at vi styrkar forskinga og gir universitet og høgskolar betre føresetnader for å kunne planleggje og styre aktiviteten over tid, seier Lilletun.
Her er nokre av hovudpunkta i budsjettframlegget:
-Over KUF sitt budsjett er det gjort framlegg om å auke forskingsløyvingane til Noregs forskingsråd med om lag 10 prosent.
-Det blir gjort framlegg om å auke basisløyvingane til frittståande forskingsinstitutt med 20,7 millionar kroner. Av desse midlane skal 15 millionar gå til dei regionale forskingsinstitutta.
-Det blir foreslått å etablere eit eige norsk teknologiråd frå 1. januar 1999.
-Særskilde tiltak for å styrkje distriktsprofilen i utdanninga:
-Det blir foreslått å styrke eksisterande desentraliserte studietilbod med 8 mill kr.
-Satsing på skapande skolar i distrikta med hovudvekt på IT
-Satsing på entreprenørskap i opplæring og utdanning
-I framlegget til driftsløyving til presteskapet er det lagt inn ein særskilt auke på 9 millionar kroner til styrking av vikartenesta.
-Regjeringa prioriterer å halde oppe den høge opptakskapasiteten innan IT-, helsefag- og lærarutdanning i 1999, og opprettar 1450 nye studieplassar innan desse områda for å føre vidare opptaket.
-Det blir foreslått å auke kostnadsnorma med 3,3 prosent.
-Det blir foreslått å auke aldersgrensa for behovsprøving til 20 år for elevar som p.g.a. sjukdom eller sakkunnig vurdering må gå 4 år i vidaregåande opplæring. For elevar med særlege opplæringsbehov blir aldersgrensa sett opp til 21 år.
-Reisestønaden for utanlandsstudentar blir foreslått lagt om slik at støtte til to tur-retur-reiser pr år blir gitt som stipend.
-Regjeringa vil i startfasen av arbeidet med Kompetansereforma konsentrere arbeidet om dokumentasjon av realkompetanse, særleg inn mot vidaregåande opplæring. Det er lagt inn 10 millionar kroner i budsjettet primært til dette satsingsområdet.
-Det blir arbeidd arbeider vidare med å utvikle innhaldet og kvaliteten i opplæringa innan vidaregåande opplæring. Tilskot til etterutdanning blir ført vidare på eit høgt nivå.
14, 3 milliardar til høgre utdanning
Det vert foreslått å løyve om lag 14,3 milliardar kroner til høgre utdanning. Dette er ein auke på om lag 10,8 prosent i høve til i fjor. Korrigert for auka inntekter blir auken på om lag 7,8 prosent.
Regjeringa prioriterer å halde oppe den høge opptakskapasiteten innan IT-, helsefag- og lærarutdanning i 1999, og opprettar om lag 1450 nye studieplassar innan desse områda for å vidareføre opptaket.
Samstundes blir det foreslått å redusere talet på studieplassar på lågare prioriterte utdanningar med til saman 500 studieplassar, fordelt med 250 plassar ved universiteta, 225 plassar ved statlege høgskolar og 25 plassar ved private høgskolar.
Det blir foreslått å styrke desentraliserte studietilbod med 8 millionar kroner.
For å følgje opp stortingsvedtaket om 18 vekers lovfesta praksis i allmennlærarutdanninga blir det foreslått å løyve 13 millionar kroner.
Det blir foreslått å etablere tannteknikarutdanning ved Høgskolen i Oslo med oppstart frå hausten 1999.
Det ligg ikkje framlegg til nye bygg i universitets- og høgskolesektoren i 1999.
Det blir foreslått å løyve 40 millionar kroner til etablering og drift av eit senter for studiar av Holocaust og livssynsminioritetars stilling i Noreg. Senteret skaletablerast i samarbeid med Universitetet i Oslo.
Det er ikkje tatt ut full årsverknad av reduksjonen på 2000 studieplassar frå hausten 1998. Dette vil vere med å betre driftssituasjonen ved universiteta.
Det blir foreslått å gi universitet og høgskolar løyve til å ta eigendelar av kursdeltakarar for studium inntil eitt og eit halvt år (30 vekttal). Dette for å leggje betre til rette for å utvikle tilbod for andre målgrupper enn vanlege heiltidsstudentar.
7,3 milliardar til studiefinansiering og studentvelferd
Det vert gjort framlegg om å løyve om lag 7,3 milliardar kroner til studiefinansiering og studentvelferd. 4,7 milliardar kroner av desse midlane er foreslått nytta til stipend.
Det blir foreslått å auke kostnadsnorma med 3,3 prosent.
Stipenddelen blir halden oppe på 30 prosent.
Reisestønaden for utanlandsstudentar blir foreslått lagt om slik at støtte til to tur-retur-reiser pr år blir gitt som stipend. Denne støtta blei tidlegare gitt som 50 prosent lån og 50 prosent stipend.
Det blir foreslått å auke løyvinga til studentbustader med 10 millionar kroner. Dette inneber ein auke med 100 nye bustader, til saman 600 på
1999-budsjettet.
Det blir foreslått at marknadsbasert utlånssystem med flytande rente blir ført vidare, og at det blir lagt til rette for at fast rente skal kunne innførast i år 2000.
Det blir foreslått å stramme inn gebyrstipend til kunstfagutdanning i Storbritannia, slik at det frå undervisningsåret 1999-2000 blir færre stipend til studiar av lågare grad innanfor biletkunst, kunsthandverk, design og dans.
Det blir foreslått å auke aldersgrensa for behovsprøving til 20 år for elevar som p.g.a. sjukdom eller sakkunnig vurdering må gå 4 år i vidaregåande opplæring. For elevar med særlege opplæringsbehov blir aldersgrensa sett opp til 21 år.
Det blir foreslått å gi kr 15 000 i eingongsstipend til førebuande språkkurs for norske studentar som er tatt inn i fagutdanning i utlandet med anna undervisningsspråk enn engelsk.
Det er sett ned eit utval som skal gjennomgå reglane i studiefinansieringsordninga med sikte på å tilpasse desse betre til studentar som tar etter- og vidareutdanning.
Utvalet skal leggje vekt på at reglane skal gjelde likt for alle som søkjer utdanning. Utvalet skal vere ferdig med dette arbeidet innan 30. oktober 1998.
Vidare er det oppnemnt eit offentleg utval som skal gjennomgå alle sider av utdanningsstøtteordninga som blir forvalta av Statens Lånekasse for utdanning.
Forsking
Over KUF sitt budsjett er det gjort framlegg om å auke forskingsløyvingane til Noregs forskingsråd med om lag 10 prosent. Samstundes er totalløyvinga til universitet og høgskular foreslått auka med 10,8 prosent, noko som inneber ei viss styrking av forskingsverksemda ved desse institusjonane.
For 1999 er det gjort framlegg om å løyve 606 millionar kroner til forskingsføremål i Noregs forskingsråd. Dette er ein nominell auke på om lag 10 prosent samanlikna med året før. Løyvingane til Forskingsrådet skal i første rekkje gå til frie prosjekt og grunnforskingsprogram.
Innanfor løyvinga til Forskingsrådet vil departementet særleg styrke områda medisin og helse (grunnforsking og rekruttering til medisinsk forsking) og naturvitskap og teknologi (styrking av grunnleggjande marin forsking). Satsinga inngår i eit samarbeid med Fiskeridepartementet og Landbruksdepartementet, og følgjer opp Forskingsrådet sitt framlegg om satsing på marin forsking og utvikling. Det er gjort framlegg om ei særskilt løyving til vitskapeleg utstyr på 25 millionar kroner, ein
auke på 5 millionar i høve til i fjor.
Det blir gjort framlegg om å auke basisløyvingane til frittståande forskingsinstitutt med 20,7 millionar kroner. Av desse midlane skal 15 millionar gå til dei regionale forskingsinstitutta. Regjeringa ynskjer med dette å vidareutvikle gode forskings- og kompetansemiljø i distrikta og å leggje til rette for ei strategisk og langsiktig
forskingsinnsats i instituttsektoren.
Departementet er opptatt av å sikre kvalitet i forskinga. Derfor er det lagt inn midlar til å finansiere Forskingsrådet sitt Toppforskingsprogram som skal gje unge lovande forskarar gode arbeidsvilkår. For å betre kvaliteten i grunnforskinga er det også gjort framlegg om å auke basisløyvinga til Senter for høgre studiar.
I samråd med Verdikommisjonen vil Forskingsrådet skipe eit tverrfagleg ”Verdinett” som skal knytte saman forskinga om verdispørsmål og livskvalitet.
Regjeringa legg stor vekt på det internasjonale forskingssamarbeidet. Noreg deltek fullt ut i forskingssamarbeidet med EU under EØS-avtalen, og norske forskingsmiljø har så langt hevda seg bra. Regjeringa følgjer oppmodinga frå Stortinget om å leggje til rette for norsk deltaking i EU sitt femte rammeprogram. Når EU har fatta endeleg vedtak om omfanget av og innhaldet i rammeprogrammet, vil Regjeringa leggje fram ein eigen proposisjon der Stortinget blir bedt om å ta stilling til norsk deltaking i EU sitt femte rammeprogram.
Etablering av Teknologiråd
Det blir i framlegget til statsbudsjett frå KUF foreslått å etablere eit eige norsk teknologiråd frå 1. januar 1999. Rådet skal vere eit uavhengig organ som skal ha til oppgåve å setje i verk vurderingar av ny teknologi og korleis denne verkar på samfunnet og kvar einskild. Noregs forskingsråd skal ha ansvar for sekretariatsfunksjonen.
Føremålet skal vere å stimulere til ein offentleg teknologidebatt som også kan engasjere ”ikkje-ekspertar”. Resultata skal formidlast til Stortinget, andre styresmakter og til samfunnet elles.
Rådet skal kunne vurdere ny teknologi på alle samfunnsområder. Særleg aktuelle område er helse-, miljø- og energiteknologi, bioteknologi og informasjons- og kommunikasjonsteknologi.
Kjelde: Pressemelding frå KUF