Samfunnsaktuelle og yrkesretta masterstudium
Dekan Kjell Arild Madssen trur at profesjonsretta masterløyper gir ein god kombinasjon av yrkesretting og fagleg fordjuping. – Denne kombinasjonen kan bli ettertrakta i arbeidsmarknaden, meiner Madssen.
Studentar ved allmennlærarutdanninga kan no få lektorkompetanse i sentrale fag etter 5 års studium. Gjer du dei rette fagvala tredje året i utdanninga, kan det fjerde året bli det første året av ei toårig masterutdanning. Med eitt år påbygging på den fireårige allmennlærarutdanninga vil du då få lektorkompetanse. Som lektor vil du stille sterkare på arbeidsmarknaden, og få lønsmessig kompensasjon som kjem deg til gode gjennom heile arbeidskarrieren.
Mastergrad i spesialpedagogikk
Det er i dag stort behov for spesialpedagogisk kompetanse i barnehagar, i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Høgskulen i Volda tilbyd toårig masterstudium i spesialpedagogikk, og dei tre første åra av allmennlærarutdanninga kvalifiserer til opptak.
Mastergrad i grunnskulens norskfag
I samarbeid med Høgskolen i Sør-Trøndelag tilbyd Høgskulen i Volda masterstudium i grunnskulens norskfag som gir kompetanse på viktige felt innan norskundervisninga i grunnskulen, som til dømes norskfaget i den fleirkulturelle skulen, lese- og skrivevanskar og bruk av IKT. Opptakskravet er gjennomført treårig allmennlærarutdanning og 60 studiepoeng i norsk, det vil seie at studentane må velje Norsk 2 som eitt av to fag tredje året i allmennlærarutdanninga.
Mastergrad i grunnskulens matematikkfag
I samarbeid med Høgskolen i Sør-Trøndelag planlegg Høg–skulen i Volda masterstudium i grunnskulens matematikkfag, med opptak første gong hausten 2006. Lærarar som tek denne utdanninga, vil vere svært ettertrakta arbeidskraft i skulen. Høgskulen vil tilby to emne på 30 studiepoeng kvar, som kan inngå som det fjerde året i allmennlærarutdanninga. For å fullføre masterstudiet, må det søkjast opptak ved Høgskolen i Sør-Trøndelag. Opptakskravet på masterstudium i grunnskulens matematikkfag er gjennomført treårig allmennlærarutdanning og 60 studiepoeng i matematikk, det vil seie at studentane må velje Matematikk 2 som eitt av to fag tredje året i allmennlærarutdanninga.
Skuleleiing – eit prioritert område i skulen
Masterstudiet i skuleleiing skal utvikle studentane sine analytiske, organisatoriske, kommunikative og praktiske evner som leiarar og aktørar i skuleverket. Studieprogrammet er eit samarbeidsprosjekt mellom Høgskulen i Volda, Høgskolen i Bodø, Høgskolen i Sør-Trøndelag, Høgskolen i Tromsø og NTNU. Ved Høgskulen i Volda kan vi som ein del av dette samarbeidsprosjektet tilby Masteremne i skuleleiing, 30 stp. Emnet kvalifiserer for leiaroppgåver i grunn- og vidaregåande skule. For å fullføre masterstudiet med masteroppgåve, må det søkjast opptak ved NTNU. Masteremnet i skuleleiing inngår også i masterstudiet i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda. Som del av denne mastergrada kan emne frå skuleleiing også vere tema for masteroppgåva.
Mastergrad i samfunnsplanlegging og leiing
gir yrkesretta kompetanse i planlegging og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar. Det vert lagt vekt på at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kommunikative og gjennomsiktige prosessar. Det tverrfaglege innhaldet i studieprogrammet, gjer mastergrada aktuell for mange yrkesgrupper. Studentane kan velje mellom eit breitt spekter av emne innan planlegging og leiing, helse- og sosialfag, pedagogikk, lokalhistorie og skuleleiing. Dei siste åra har det vore spesielt mange studentar frå helsesektoren. Høgskulen har i samarbeid med Helse Sunnmøre utvikla mastergradsemne tilpassa opplæringsbehovet for denne yrkesgruppa. Studiet er nettbasert med samlingar, og det er difor mogleg å kombinere jobb med utdanning.
Mastergrad i nynorsk skriftskultur
Høgskulen i Volda tilbyr det einaste masterstudiet i Noreg i nynorsk skriftskultur. Studiet er utvikla ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen. I studieprogrammet vert det lagt vekt på skriftkulturen allment, samstundes som det nynorske eksemplet vert brukt for å vise korleis menneska har forma skrifta, og skrifta har forma menneska. I studieprogrammet vert brukt ulike fagdisiplinar. Dei mest aktuelle er språkvitskap, historie, litteraturvitskap, mediekunnskap, sosiologi, antropologi, filosofi og pedagogikk.
Mastergrader under planlegging
Høgskulen i Volda vil innan hausten 2006 kunne tilby mastergradsprogram innan helse- og sosialfag og i mediefag.
Du kan finna meir om studietilbod på mastergradsnivå på www.hivolda.no/tilbod