Professor Sørbø hyrt inn til arbeidet med Nynorsk litteraturhistorie

I samband med Det Norske Samlagets 150-årsjubileum i 2018 gir forlaget ut Nynorsk litteraturhistorie. Forfattar og professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda er hyrt inn til oppdraget.

Prosjektet Nynorsk litteraturhistorie tek sikte på å framstilla den nynorske litteraturen frå Ivar Aasen og opp til samtida som ei, samanhengande forteljing.

268ddd1d5ca585d2a498f4fc78f54ed0

Jan Inge Sørbø er professor i litteratur og sosialfag og har gjeve ut 22 bøker, dei fleste på Samlaget. Mellom desse biografiar om Arne Garborg og Hans Skjervheim, men også "Frå gamle fjell til magma", om den nynorske lyrikken.

Del på: