Opptak studietilbod våren 2022
Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje fleksible studietilbod på nett og deltid som møter kunnskaps- og kompetansebehova på fleire sentrale samfunnsområde. 1. november opnar opptaket til over 50 studium med oppstart våren 2022.
Livslang læring
Endringar i arbeids- og samfunnsliv skaper behov for fagleg oppdatering gjennom heile livet. Høgskulen i Volda tilbyr ei rekkje fleksible studietilbod på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Fleksible studieformer gjer det mogleg å kombinere studium og jobb. Over 1000 studentar ved HVO er knytt til reine nettstudium.
Sjå liste over studietilbod med oppstart våren 2022.
Vidareutdanning for lærarar
Høgskulen i Volda (HVO) tilbyr ei rekkje vidareutdanningar for lærarar innanfor sentrale fagområde som engelsk, digital kompetanse, drama, historie, idrett og friluftsliv, matematikk, naturfag, norsk, kunst, design og handverk, religion og livssyn, samfunnsfag og spesialpedagogikk.
Kompetanse for kvalitet
Kompetanse for kvalitet (KFK) er styresmaktene si satsing på vidareutdanning av lærarar fram mot nye kompetansekrav i 2025. HVO tilbyr i samarbeid med Utdanningsdirektoratet (UDIR) 15 studietilbod og har om lag 550 studieplassar i dette vidareutdanningsprogrammet. Lærarar som vil søkje KFK-studiar må fyrst søkje gjennom UDIR sin portal. Søknadsfristen i denne satsinga er 1. mars.
Masterutdanningar og masteremne på deltid
Høgskulen i Volda tilbyr følgjande mastergradar på deltid og heiltid: kulturmøte, helse og sosialfag; meistring og myndiggjering, samfunnsplanlegging og leiing, helseleiing, spesialpedagogikk, erfaringsbaserte masterstudium med fire spesialiseringar: norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag. Er du adjunkt, vil dei erfaringsbaserte masterstudia gi deg lektorkompetanse. Det er også mogleg å ta enkeltemne på masternivå innanfor dei fleste fagområde.
Administrasjon og leiing - sosialfag
Høgskulen i Volda har lange tradisjonar og høg kompetanse innanfor administrasjon, planlegging og leiing og sosialfag. Høgskulen tilbyr mellom anna Forvaltningsarbeid, Helsefag for sosialarbeidarar, Helsefremjande lokalsamfunn - Samhandling, Innføring i arealplanlegging og GIS, Kommunal økonomi, Offentleg leiing og kommunikasjon, Offentleg rett, Meistring og myndiggjering - Strukturperspektivet, Profesjonsteori, skjønnsutøvelse og profesjonsetikk , Prosessleiing og prosjektdesign, Tiltak mot rusproblem og Vitskapsteori og etikk.
Nettstudent på 78° nord
Høgskulen i Volda er leiande innanfor å utvikle fleksible utdanningstilbod og er mellom landets største tilbydarar på reine nettstudium. Jon Even Siglen Berger frå Stord bur på Svalbard. 25-åringen fra Stord studerer Religion, kultur og samfunn som reint nettstudium medan han jobbar som lærar ved Longyearbyen skole.
– Grunnen til at eg valde dette studiet, er fordi at KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk) er eit fagområde som interesserer meg og at eg ønskjer undervisningskompetanse i faget. Fra før har eg dei tre første åra på grunnskulelærarutdanninga 5-10 og ein mastergrad i undervisningsvitskap. Med dette nettstudiet i tillegg vil eg bli meir attraktiv på jobbmarknaden, forklarar Jon Even.