Om lesing , PISA og nasjonale prøver
Det var ein løyndomsfull førelesar som fredag 26. november heldt førelesinga ”Lesing som grunnleggjande ferdigheit. Motivasjon og lesestrategiar. Nasjonale prøver.” på Høgskulen i Volda. Den 7. desember lanserer Astrid Roe resultata frå den internasjonale PISA- undersøkinga i lesing 2009 som går føre seg kvart tredje år, og som er venta stor merksemd frå media.
Astrid Roe er forskar, førsteammanuensis og leiar for Enhet for kvantitative utdanningsanalyser ved Universitetet i Oslo. Ho har arbeidd med lesedelen i PISA sidan 1998 og har særleg studert norske elevar sin lesekompetanse og lesevanar.
Last ned førelesing som Astrid Roe hadde ved Høgskulen i Volda 26. november 2010.