Nytt forskingsprosjekt skal betra lærarutdanninga

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Av: Hanne Marie Molde

Det er Noregs forskingsråd sitt program Praksis FoU – 2007-2010 som finansierer det nye forskingsprosjektet ”Nyutdannede læreres mestring av yrket”. Her har Høgskulen i Volda, med professor Peder Haug i spissen, fått i oppdrag å vera med på delprosjektet ”Krav til fagkunnskapar i matematikk, norsk og pedagogikk”.

Vil utvikla lærarutdanninga

Gjennom to år skal forskarane på prosjektet studera krava som er formulerte for studentane innan matematikk- og norskfaget sett opp mot den dokumenterte faglege kompetansen til studentane. Hovudformålet med studiet er å kunne utvikla kvaliteten i lærarutdanninga gjennom å få dokumentert lærarutdanningas syn og praksis på kva slags fagkunnskap lærarstudentane bør ha, på kva nivå dei bør meistra denne kunnskapen, og med kva resultat. Svara vil gje grunnlag for analysar av studentanes kompetanse i høve til utfordringane i yrket.

Samarbeidsprosjekt

Ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning ved Høgskulen i Volda skal Ole Einar Torkildsen og Odd Helge Tonheim forska på matematikk, medan Kjell Arild Madssen og Hilde Osdal har fått ansvar for norskfaget. Høgskulen i Sogndal tar seg av pedagogikkdelen. Forskingsprosjektet vert gjennomført i samarbeid med fagmiljøet ved Senter for profesjonsstudiar ved Høgskulen i Oslo. Arbeidet starta 1.november i år og skal vera ferdig i slutten av juni 2009.

Del på