To nye samspelrom ved musikkutdanninga
– Musikkstudentane våre har i mange år ytra eit sterkt ønske om fleire samspelrom. I dag er vi glade for at vi kan opne to slike fullt utstyrte rom i Henrik Kaarstad-huset, sa dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag i høve opninga av romma onsdag.
Musikkseksjonen ved Avdeling for kulturfag har fått investeringsmidlar til å bygge om fleire mindre øvingsrom til to større rom som har nok plass til samspel i grupper og liknande. Dei lydisolerte romma er utstyrte med songanlegg, trommesett, fleire forsterkarar til bass og gitar og keyboards.
– Desse romma vil gje studentane ved musikkutdanninga heilt nye og betre vilkår for å øve fram mot konsertar og eksamenar. Mangel på store nok rom med tilstrekkeleg lydisolering har vore eit stort problem som vi no heldigvis har fått løyst, seier ein nøgd seksjonsleiar Øystein Salhus.