Nasjonalt seminar om IKT i lokalhistoria i Volda
- Temaet for årets seminar er IKT i lokalhistoria, melder Kjelland.
- Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) i Oslo er ein statsinstitusjon under Kultur- og kyrkedepartementet, og har som oppgåve å fremje lokal- og regionalhistorisk verksemd i Noreg. Instituttet gir råd og rettleiing på alle trinn av arbeidet med by- og bygdebøker og andre lokalhistoriske skrifter.
Instituttet arrangerer òg faglege seminar minst ein gang pr. år. Tema for seminara varierer over ein stor skala. I 1984 var det «Kvinnekår i det gamle samfunn», 1997 «Slekt og lokalsamfunn», i 2001 «Person- og stadnamn i lokalhistoria», i 2004 «Kulturmøter. Lokalsamfunnet, lokalhistorien og møtet med det fremmede» osv. Seminara blir lagt på forskjellige stader rundt om i Noreg, og i år er turen komen til Volda.
Temaet for årets seminar er IKT i lokalhistoria. Lokalhistorikarar, og særleg bygdebokforfattarar, har som regel store mengder kjelder og informasjon å halde styr på. Dei var derfor tidleg ute med å ta i bruk elektronisk databehandling som hjelpemiddel, først som skriveverktøy og etter kvart òg til ei rad andre formål.
NLI arrangerte derfor det første seminaret om korleis ein innafor dette fagfeltet kunne dra nytte av EDB (som det da var kalla) alt i 1985. Eit nytt seminar kring temaet vart arrangert i 1993. Men det skjer som kjent ein del innafor denne teknologien, så no har ein funne at tida er mogen for eit tredje seminar, som altså finn stad ved Høgskulen i Volda måndag 12. – onsdag 14. september. Det er elles noko nytt at seminaret er lagt til ein høgskule. Grunnen er naturleg nok at temaet krev betre tilgang til utstyr enn eit vanleg hotell normalt har. NLI set stor pris på at Høgskulen i Volda har sagt seg viljug til å vere lokalt vertskap for seminaret.
Emne som blir tatt opp under seminaret er status innafor fleire felt som t.d. digitalisering av historisk materiale, optisk lesing, skanning av mikrofilm, registrering av kyrkjebøker og andre kjelder, analyse av økonomisk data, lokalhistorie og internett, digitale kart, dataprogram for ættesoge, digital bildebehandling m.m. Det blir òg høve til å prøve programvare, og ein ekskursjon til Aasen-tunet. Det er påmeldt i overkant av 40 deltakarar frå heile landet til seminaret.
Bygdebokforfattarprofesjonen er ofte einsam, og desse seminara er òg eit velkome høve til å drøfte felles utfordringar med kollegaer.
Programmet for seminaret ligg her: http://www.hivolda.no/IKTlokalhistorie
Rektor Gunnar Stave opnar seminaret måndag kl 1200 i auditorium Strøm243 (Hans Strøm-huset).