Nasjonal pris til Hans Jacob Orning

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det består av kr 20.000 og diplom som Orning fekk overlevert på HIFO-årsmøtet under det 27. nordiske historikarmøtet på Universitetet i Tromsø fredag 12. august.


Etter statuttane skal HT-prisen tildelast forfattaren av «eit bidrag til Historisk tidsskrift som i særleg grad har framstått som nyskapande og bidrege til å utvikle historiefaget» (§ 5 i statuttane). Juryen  tildelte Orning prisen for debattartikkelen Norsk middelalder i et antropologisk perspektiv. Svar til Knut Helle, trykt i Historisk tidsskrift nr 2, 2010. I grunngjevinga skriv dei mellom anna at «forfatteren klargjør sin posisjon både empirisk og teoretisk og skisserer en vei framover på feltet, i en åpen og vennlig stil.  Temaet er av allmenn interesse i historiefaget, det dreier seg om bruk av teori i historiefaget og innlån av modeller fra andre fag.»

1675940d68ff715ab61098d42aff2682d902f78e
 Professor Hans Jacob Orning og leiar av juryen for HT-prisen, Hilde Sandvik frå Universitetet i Oslo.


Historisk institutt var elles sterkt representert på historikarmøtet i Tromsø. Det strategiske høgskuleprosjektet Kulturperspektiv på møte mellom embetsmenn og bønder (http://www.hivolda.no/shp-kultur) hadde ein halvdagssesjon med ca 30 tilhøyrarar utanom dei fem (Atle Døssland, Jens Johan Hyvik, Harald Krøvel, Mette Vårdal og Arnfinn Kjelland) som presenterte forskingsresultat. Hans Jacob Orning hadde eige innlegg og kommenterte eit anna på ein sesjon om Norden og Europa ca 1000–1300 og Jens Johan Hyvik hadde innlegg på ein rundebordskonferanse om nordiske målreisingsstrategiar 1750–1940.

Del på