Jens Johan Hyvik: Tokulturlæra i norsk historie
Jens Johan Hyvik (f. 1972) er førsteamanuensis i moderne historie ved Høgskulen i Telemark. Han var tilsett ved Høgskulen i Volda i åra 2008 – 2012 som postdoktor på prosjektet Kulturperspektiv på møtet mellom embetsmenn og bønder.
I siste halvdelen av 1800-talet stod oppfatninga av at Noreg var delt i to kulturar sentralt i den norske nasjonsbyggingsprosessen. På den eine sida stod ein elite kjenneteikna av klassisk danning, tilknyting til det danske skriftspråket og med familiære røter i utlandet, og på den andre ei bondebefolkning med folkeleg kultur, norsk talespråk og familiære røter i Noreg.
Denne boka vert rekna til Høgskulen i Volda i Cristin-registreringa.