Førstelektor Bente Vatne med artikkel på færøyisk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Artikkelen vart publisert i 2013 i boka "Til Barnas Beste". Veier til omsorg og lek, læring og danning" med Else Foss og Ole Fredrik Lillemyr som redaktørar. No er artikkelen samla i ei bok med tittel "At uppala er at menta barnid – triggjar visar greinir". Dette tyder "Å oppdra er å danne barnet - tre vise artiklar".

8bc21a96adb77ba0e955cc0628a43c53

Dei andre artikkelforfattarane er Kari Søndenå og Gunilla Dahlberg, Peter Moss og Alan Pence. Redaktør for boka er professor Pauli Nielsen.

Med artiklane i boka som utgangspunkt  var førstelektor Bente Vatne og professor Kari Søndenå ved Universitetet i Stavanger inviterte til Færøyane i byrjinga av februar der dei heldt innlegg på konferanse for barnehagelærarar.

– Det er inspirerande og lærerikt å utveksle erfaringar og få nye perspektiv på arbeidet, seier førstelektor Bente Vatne, som også tidlegare har vore på Færøyane og halde foredrag for og rettleia komande barnehagelærarar.

Del på