Forskingsdagane i Volda startar fredag
Kort om programmet – detaljert program på www.hivolda.no/forskingsdagane
- Fredag 23.9 kl. 11.00 vil Paul Mitchell-Banks frå Møreforsking Volda halde foredraget ”Grizzlies, Indians, Hunter, Wilderness, Oil & Gas – a very hot mix.”
- Det andre arrangementet er familiedag på Volda bygdetun søndag 25.9 frå kl.13.00-16.00. Matkultur står i fokus, og dette arrangementet har vore populært siste åra.
- Måndag 26.9 vert det to arrangement. Først eit foredrag i samarbeid med Eldreuniversitetet der Oddbjørn Melle tek føre seg 1905 i Volda. Dette er kl. 13.30.
- Kl. 18.00 vil det vere eit aktuelt seminar med tittelen ”Småskulen sett frå klasseromet.” Forskarar frå Høgskulen vil snakke om erfaringar frå eit forskingsprosjekt. Prosjektleiar Peder Haug vil innleie.
- Onsdag 28.9 er det plandag der søkelyset vert sett på korleis samfunnsplanlegginga kan danne grunnlag for praktisk handling. Professor Roar Amdam held innleiingsforedraget.
- Torsdag 29.9 frå kl. 12.15 vil seks forskarar frå Møreforsking Volda halde korte foredrag om aktuelle forskingsprosjekt.
Alle er velkomne til å ta del. Ver merksam på påmeldingsfristen 23.9 for plandagen.
Les meir på www.hivolda.no/forskingsdagane
Kontaktpersonar:
FoU-konsulent
Bente Gunn Lien
70 07 53 44
FoU-leiar
Reidun Høydal
70 07 52 09