Forskingsdagane: Havfiskeflåten - eit etisk dilemma?

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Tid: Tysdag 26. september kl. 18.00
Stad: Høgskulen i Volda, Berte Kanutte-huset, vesle auditorium


Arbeidet skal munne ut i eit illustrert verk i to bind som vil kome ut i samband med Ålesunds Rederiforenings 100-årsjubileum i desember 2006.
Dei tre historikarane har valt ut to tema som dei vil presentere under Forskingsdagane 2006 i Volda.

Lik ”adgang til lykken”. Moralsk argumentasjon mot kapitalisert fiske

Ved Atle Døssland, professor i historie, og Arnljot Løseth, førsteamanuensis i historie, Høgskulen i Volda.

Kvifor protesterte kystfiskarane mot den moderne havfiskeflåten? Var uviljen berre vidareføring av tradisjonell motstand mot nye fiskemetodar? Såkalla framgangsmenn avfeia motstanden som utslag av fordommar, men dette er det grunn til å problematisere. For det første oppstod det rett som det var reelle samordningsproblem når ulike reiskapsgrupper møttest på tronge fiskefelt. Dessutan er karakteren av protesten interessant; reaksjonane hadde eit antikapitalistisk preg: Det var moralsk urett at velståande folk skulle grafse til seg store fiskemengder framfor augo til fattige fiskarar. Eit anna spennande trekk ved motstanden er at han var ulik regionane i mellom – forholda var heilt annleis på Sunnmøre enn i Nord-Noreg.

dossland
loseth
Melle

Noreg - ein havimperialist?

Ved Oddbjørn Melle, førsteamanuensis i historie, Høgskulen i Volda.

Er det etisk forsvarleg for eit land med 4-5 mill. innbyggjarar å forsyne seg med eit høgproduktivt havareal som er 6 gonger så stort som landarealet? Burde vi gjere som NUPI-direktør Sverre Lodgaard tilrår - og la FN få forvalte litt av proteinrikdomane rundt den juridisk omstridde Svalbard-sona?

Del på