Bach og Antibach i Volda kyrkje

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Studentar ved Intuitiv komposisjon og musikkfilosofi fekk framført eigne komposisjonar i Volda kyrkje sist laurdag. Symfoniorkesteret ved høgskulen framførte stykka og nokre komposisjonar av J. S. Bach under leiing av dirigentane Sander Elias Andersen og komponist og professor i musikk Magnar Åm.

Det er ikkje første gong studentar ved Intuitiv komposisjon og musikkfilosofi får framført eksamensverka sin på denne måten. Også under Sunnmøre kammermusikkfestival har det vore vanleg at dei profesjonelle festivalmusikarane har framført musikk av professor Åm sine studentar.

Magnar Åm.
Professor Magnar Åm. Foto: Kaspar Selvik.

Publikum fekk høyre 14 svært forskjellige komposisjonar komponert av studentane Chatrine Kraft Jacobsen, Truls Erik Kildahl Isaksen, Hannah Marsdal Kristoffersen, Solveig Kolstad Lien, Åsmund Moe Bingen, Mathilde Gaalaas Berg, Sondre Kvistad Utgård, Elisabeth Beatrice Iversen, Trym Nikolas Rimmen, Anders Viktor Kvile, Runa Kleivedalen, Bjørnar Egge, Asle Hansen og Lars Olav Mauset.

Magnar Åm gir studentane stor fridom i det kreative arbeidet og undervisninga blir rotfesta i ein ikkje-tonal og fritonal klangsfære.

– Studentane har makta å bruke orkesteret godt og orkesteret løyste formidlingsoppgåva strålande, seier Åm.

Om tittelen Bach og Antibach seier Åm følgjande: – Det er eit ordspel om tida vi er inne i no. Det er også spennande å sette Bach opp mot desse komposisjonane

Assistentdirigent denne dagen var Sander Elias Andresen frå Volda, ein talentfull fiolinist som mellom anna har fått Sunnmøre kammermusikkfestival sin talentpris.

Eit opptak av konserten kan du sjå her.

Meir om studiet

Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i fordjuping eller vidareutdanning i musikk. Under rettleiing av ein komponist og gjennom eiga utprøving får studenten bruke skaparevna og skapartrongen i seg og lære metodar for å finne sitt personlege uttrykk, metodar for maksimal innstrøyming av idear og metodar for utveljing og ivaretaking av desse. Det vil gi ei plattform for vidare komposisjonsstudium eller skapande eigenaktivitet, og det kan vere ein basis for pedagogisk arbeid med komponering/improvisering i skulen, kulturskulen og fritidsmusikklivet

 

Del på