Aktuelt nettstudium: Nynorsk i opplæringa
– Nettstudiet Nynorsk i opplæringa er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa. Eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv gir studentane auka kompetanse i nynorsk og i det å undervise i norsk, seier fagansvarleg førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl.
Det einaste i sitt slag
– Etter det eg kjenner til er denne vidareutdanninga i nynorskdidaktikk for lærarar det einaste i sitt slag og mange som har nynorsk som sidemål gir uttrykk for at dei har stort utbytte av vidareutdanninga, seier Kløve Juuhl ved Institutt for språk og litteratur ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.
Mål og innhald
Nettstudiet Nynorsk i opplæringa (30 studiepoeng) har som mål at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i tråd med intensjonane i Fagfornyinga.
– Studentane skal kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål, leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa og leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa, seier førsteamanuensis Gudrun Kløve Juuhl.
Sentrale tema i vidareutdanninga er den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk, litteratur og kultur spesielt, språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv, rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekster på nynorsk, relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning, nynorsk språkdidaktikk og litteratur og litteraturformidling.
Om å studere på nett
– Vi har studentar frå Finnmark i nord til Oslo i sør. Tilbakemeldingane frå studentane er gode. Vi legg opp til ein god dialog med studentane og studentane i mellom. På undervisningsplattforma Canvas legg vi ut faglege tekstar og video. Vi har også diskusjonar og videomøte ved høve, seier Kløve Juuhl.
Nynorskklynga
Høgskulen i Volda har ekstra gode føresetnader for å jobbe med nynorsk i opplæringa. HVO ligg i ei «nynorskklynge» med Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet. Høgskulen har høg kompetanse innanfor norskfaget og ein master i nynorsk skriftkultur. Nynorsk språk og kultur er ein viktig del av høgskulen sin identitet. I lærarutdanninga har ein til dømes lagt inn det å skrive fagtekstar på nynorsk som eit eige emne.
Sjå alle studietilboda våre innanfor språk og litteratur.
Vidare med Høgskulen i Volda
Dei fleste vidareutdanningane våre har løpande opptak. Følg lenka for å sjå alle tilboda.