Aarset med ny utgåve av Symra

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Symra handlar om landet, historia, tradisjonen, årstidene og menneskelivet. Her er dikt om naturen, arbeid, kjærleik, klokskap, sanning, tilgjersle, tru og von. Dikta skulle syngjast, og mange var dikta til kjende tonar.

4c4d3bdf83a73d2635a561c91bc3b19a

Den mest kjende songen i Symra er ”Mellom bakkar og berg”, ein av dei få songane nordmenn flest kan utanboks, og av mange rekna som vår andre nasjonalsong.

Symra er vårblomen som varslar sommar. Diktsamlinga Symra, som Ivar Aasen gav ut anonymt i 1863, bar òg bod om ein nasjonal sommar i åndslivet og ein ny litteratur i den språkforma Aasen skapte, nynorsken. Symra er ei klassisk bok i norsk litteratur.

Den nye utgåva av Symra har ny notesats, for første gong på over hundre år. Notesatsen er av Bård Dahle. Illustrasjonane til fleire av dikta er overraskande og kan opne for nye tankar hos lesaren.

6f77a62def10ab4ab38c69e050e1c31a

Symra er ei ny praktbok signert professor Terje Aarset.

 Meir om tonediktaren Ivar Aasen.

Del på