1905-seminar i Volda

Tekst: Webmaster Volda

Professor Hans Frederik Dahl, som er redaktør for historieverket Norsk Pressehistorie, kommer som hovudinnleiar til seminaret. Han skal snakke om ”Mediebiletet i 1905 i eit globalt perspektiv”.

På seminaret blir det også boklansering og foredrag med utgangspunkt i artikkelsamlinga av Kari Hasle, Oddmund Hoel, Ove Bjarnar og Brynjulv Gjerdåker.

 

-  Det blir eit variert program og vi ser fram til eit spanande seminar, seier arrangørane Kari A. Hasle, Harald E. Tafjord og Jens Johan Hyvik, som også er redaktørar for artikkelsamlinga. Les meir på www.hivolda.no/1905

Boklansering: Lokale røyster i 1905. Unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet.
Den 7. juni 2005 er det hundre år sidan unionen med Sverige vart oppløyst. 1905 var, som  Jostein Nerbøvik har formulert det: "Ein bautastein av eit år, tungt lasta med innhald og meining."

Innan historiefaget har fokus tradisjonelt vore retta mot dei politiske hendingane, i første rekkje på tilhøvet mellom den svenske kongemakta og den norske Regjeringa og Stortinget. Fokuset har i mindre grad vore retta mot korleis denne hendinga blei formidla og oppfatta i lokalsamfunna. Med utgangspunkt i lokale aviser på Nord-Vestlandet, presenterer
denne boka spenningar og samvirke mellom lokale og nasjonale røyster, sentrum og periferi, sentrale styresmakter sine agendaer i den politiske utviklinga og framveksten av ulike lokale og regionale mentalitetar.

Kva reaksjonar finn vi på dei storpolitiske hendingane i 1905, utanom dei sentrale riksavisene? Kan studier av lokale og regionale aviser gje oss alternative forteljingar om pressa si samfunnsrolle i 1905? Dette er dei sentrale spørsmåla som ligg til grunn for artiklane i denne boka.

1905bok

For detaljert program og meir informasjon om prosjektet og artikkelsamlinga sjå www.hivolda.no/1905

Del på