Utdanningsdagane 2018
For sjette året på rad arrangerer Høgskulen i Volda Utdanningsdagane for elevar i vidaregåande skular og folkehøgskular i regionen. – I år har vi fleire påmelde enn nokon gong før. Godt over 800 elevar frå heile 12 skular skal innom dei ulike informasjonspostane på campus desse to dagane, seier prosjektleiar Torill Engeseth.
Det var godt med nyfikne ungdomar og god stemning i kantina i Berte Kanutte-huset på den første dagen av Utdanningsdagane 2018. Avgangselevane frå dei ulike vidaregåande skulane og folkehøgskulane har heile 17 postar å velge mellom. Av desse handlar 15 postar om ulike studietilbod ved Høgskulen i Volda (HVO) i tillegg til postar med NTNU Ålesund og Høgskolen i Molde.
Påmeldinga viser at dei mest populære postane ved HVO er idrett og friluftsliv, helse og sosialfag, grunnskulelærarutdanningane og PR, kommunikasjon og media. Heile 281 elevar hadde meldt seg på posten til idrett og friluftsliv. For dei andre som er nemnde over er tala 278, 238 og 171.
På posten til idrett og friluftsliv finn vi eit knippe elevar frå Eid vidaregåande skule. Kristoffer Myklebust og Aurora Swensen kan begge tenkje seg å ta eit årsstudium i friluftsliv og kombinere det med andre studium.
– Eg er også nyfiken på bachelorutdanninga i PR, kommunikasjon og media, seier Aurora.