Rektorval
Hausten 2018 skal det gjennomførast val av nytt rektorat ved Høgskulen i Volda.

Val av rektorat for perioden 2019-2023 går føre seg i tidsrommet 28. september - 7. desember.
Val av nytt rektorat for perioden 2019-2023 skal gjennomførast i haustsemesteret 2018. Nominasjonsperioden er frå 8. oktober til og med 26. oktober. Sjølve valet skal gjennomførast mellom 30. november og 7. desember.
Det er valstyret ved Høgskulen i Volda som har ansvaret for gjennomføringa.
– 16. november skal dei nominerte presenterast. Så vert det ein periode med valkamp fram til sjølve valet. Vi vonar at mange engasjerer seg og at vi får fram gode kandidatar, seier nestleiar i valstyret Odd Helge M. Tonheim
Meir informasjon om valet finn du her.